Naudetatane har ein pågåande redningsaksjon i Geiranger etter ei fallulykke, det melder politiet søndag kveld.
Ulykka har skjedd i terrenget vest for Ørnesvingane. Brannmannskap og ambulansepersonell er framme ved pasienten. Han er våken, men skadegrad er ukjent.
Politiet melder klokka 23:31 at pasienten er henta ut av redningshelikopter og på veg til sjukehus. Skader og skadegrad er ukjent, men han skal vere vaken og kommuniserer.
Den skadde er dansk statsborgar, 20 år gammal, og var saman med ein kamerat då ulykka skjedde.