Det har vore arbeid på Eidsdal ferjekai dei siste dagane, noko som har resultert i innstilte avgangar midt på dag. Så også i dag, torsdag 14. november, tikka det inn melding om innstilte avgangar på grunn av arbeid på kaia.
I dag er det avgangane klokka 12.45 frå Linge og klokka 13.30 frå Eidsdal som vert innstilte.