Det er få som veit om det, men Nørdalselva har ei høg stjerne hos dei som driv med elvepadling her i landet. Torsdag 20. juni fekk eg ein hyggeleg prat med to av dei. Det var Eirik Hansen frå Sogndal og Jonas Løøv frå Trondheim. Ni menn og ei kvinne frå dette miljøet hadde slått leir ved Bruaberget på Almås. Av desse ti personane var fire norske, fire frå New Zealand, ein brite og ein franskmann. Kvinna kom frå New Zealand. Ved 22-tida hadde dei tatt kvelden ved telta og bilane etter at dei hadde padla elvestrekninga frå Almås og ned til Jøsvoll tidlegare på dagen.
Dei skryter svært av elva og seier at ho er ei av dei aller beste elvane for elvepadling i heile landet. Ja, dei kallar elva ein juvel. Fleire av padlarane har vore her før, men dei må passe på at elva har den rette vassføringa.
Akkurat no er vassføringa perfekt. Rundt omkring i landet elles kan dei hente inn data frå NVE om vassføring og på den måten finne ut når det passar for elvepadling, men i Stordal finst det ikkje slikt måleutstyr. På ein stad langt nede i elva i Stordal har dei tatt bilde av ein brupilar, og der kan dei sjå når vasstanden høver for padling.
Desse elvepadlarane set pris på barsk natur og kallar seg sjølve for naturvernarar. I andre vassdrag kan det vere ein viss interessekonflikt mellom laksefiske og padling, men her i Stordal skjer padlinga stort sett på ei strekning der elva ikkje er lakseførande. Kva så med gyrodactylus salaris og anna smitte? Etter retningslinjer frå Mattilsynet desinfiserer dei kajakkane og anna utstyr når dei flytter frå eitt vassdrag til eit anna. Denne kvelden var det god stemning i leiren sjølv om knotten var litt plagsam.