I helga reiste fire spente utøvarar frå Storfjord taekwondo til Trondheim for å delta på Norgesmeisterskap/Landmeisterskap i taekwondo.
547 utøvarar var samla i Trondheim Spektrum for å delta i årets store happening. Med deltakarar som har vunne VM- og EM-gull i år, var det eit høgt nivå på meisterskapet.
Utøvarane frå Storfjord deltok både i individuelle konkurransar og i lagkonkurransar gjennom Team Nordvest som er ei samling av utøvarar frå Storfjord, Molde, Ålesund, Haram og Hustavika. Storfjord stilte til konkurranse i både sparring (kamp) og mønster. Mønsteret er ein tenkt kamp der du brukar bestemte teknikkar for å angripe og forsvare deg sjølv.
Gjennom helga har utøvarane fått kjenne på både meistring, frykt, sinne, skadar, blodsmak i munnen, lagkjensle og intens glede. Laurdagen deltok alle fire i individuelle konkurransar i mønster. Era Perez Rønneberg og Magnus Johnsen Grønmo tok seg vidare frå dei innleiande rundane i mønster, men gjekk ut i kvartfinalen. Dagen vart avslutta med ein høgtidleg bankett med premieutdeling av årets kongepokalar.
Søndagen var det klart for sparring og lagkonkurransar. Petter Godø Hoel og Evelina Heggen Johansen gjekk gode kampar i sparring og sikra seg kvar si bronsemedalje. Team Nordvest stilte med lag i både mønster og sparring med alle fire valldalingane representerte i gute- og jentelaga.
I mønster var det utfordrande å skulle hevde seg mot reine klubblag som har hatt meir tid til å øve saman for å bli godt synkronisert. I sparring viste imidlertidig både jente- og gutelaget at dei kan sparke frå seg. Jentelaget stilte mot fleire reine svartbelte-lag. Sjølv hadde dei fire med raud belte og ei med svart. Det var nok til å sikre seg sølvmedalje etter knallgode kampar mot dyktige motstandarar. Gutelaget til Nord-Vest fekk verkeleg oppleve ei dramatisk avslutning på sin kamp om bronsjemedalje som glapp heilt på tampen etter ei kontroversiell dommaravgjerd.