No var det duka for atter eit vårmøte, «Eg veljer meg april,» sa diktaren, og jammen trur eg det er det eg også gjer. Ein strålande månad med fuglesong, knuppar på buskar og tre, men ikkje minst det som spirer opp av jorda. Kjenn kor det brusar i hageblodet!
Torsdag 3. april opna vi dørene til ei påskepynta kjellarstove, denne gongen var det eit ope møte der alle var velkomne. Møtet var gratis – det var sponsa av Pensjonistforbundet.
Inn kom 41 kjekke folk frå Eidsdal-Norddal og Geiranger pensjonistlag, samt nokre ikkje-medlemmar. Det er ymse møte på gang for å sanke nye medlemmar. Denne gongen ser det ut til at vi får tre nye, og det er strålande.
Stemning var det og, det summa bra og forventningane var store til det vi skulle få høyre i dag. Brørne Lied, Kjartan og Arne, to likandes karar med songrøyst og trekkspel skulle underhalde oss denne ettermiddagen.
Wenche opna med å ynskje velkomen og så song vi «Heimlandet». Ord for dagen vart lese av Asbjørn Eide, eit dikt oversett frå tysk.
Så var det Kjartan og Arne sin tur. Ja her måtte ein halde på hatten, for her gjekk det unna. Ei sterk og klår røyst innpakka i fine trekkspeltonar fylte kjellarstova. Dette var flott å høyre på, den eine kjende songen etter den andre fekk vi høyre. Det er ikkje så ofte ein høyrer slike songar no til dags. Dei opna med «Vår beste dag» av Erik Bye. Så fylgde fleire av Evert Taube; «Sjøsalavalsen», «Min elskling», «Rosa på ball», «Kalle Sjevens vals» samt «Minnenes melodi» med Erling Stordal. Arne spelte to solonummer, «Brorfolks-mars», og «Fagre Stryn».
Så måtte Kjartan forlate oss til fordel for Stranda, men hjartelig takk. Arne vart verande igjen til slutt for å spele til allsongane våre. Alle desse Evert Taube-songane, vekte opp minne frå fyrste kabareten vi hadde. Skal tru om vi får til noko slikt igjen…?
Jeppe (Jens Petter Jelle) var komen for å snakke om pensjonistforbundet. Litt nytt, litt om forbundets arbeid sentralt og lokalt, litt om fordelar med å vere medlem, osv. Jeppe er ein mann med klår og grei røyst, og er ein flink leiar på Stranda. Takk.
No var det tid for mat, gode karbonadar frå Tove. Elles hadde vi tre ymse fromasjar og kake. Godt var det i allefall.
Det vart snakka om tur til Stranda industrimuseum 8 mai. Det har ikkje vore så stor interesse for det, men plakat vert hengt opp så folk får melde seg på. Elles snakka vi om aktivitet i laget, det store no er «Havets festbord» i oktober. Det er ei stund til, men pengane må vi få tak i no, så det er høgt på dagsplanen.
Elles hadde vi åresalg, godt salg og ei innsamling til Havets Festbord. Vi song allsongar, prata og kosa oss. Arne Lied avslutta med «Blomster i Stryn».
Takk for ein fin samankomst og vel møtt til sommarfest 22. mai.
Ha ein god vår!
Helsing
Wenche og gjengen