Godt nytt år alle saman. Nytt år og nye moglegheiter.
Torsdag 9. januar skulle vi synge ut jula, men det vart pynta til vårlege fargar, så julesongane hadde fått permisjon.
Rundt 30 personar var samla i kjellarstova til januarmøte, kjekt. Vi starta med å tenne lys for eit medlem som har gått bort.
Wenche las eit dikt av Stein-Roger Olsen og Nabolaget spelte opp og vi song «Når lysene tennes der hjemme». Eit nytt medlem vart ønska velkommen, alltid kjekt det.
Wenche las ei forteljing frå Ein skadejournal, alvorleg…
Ellers kom det fram mange fine songar og slagerar i løpet av møte. Dette møtet skulle vere eit diskusjonsmøte, og det vart det. Vi la ut skriv som dei kunne få skrive si meining og ynskjer på. Dette skal vi gå gjennom til årsmøtet.
Vi diskuterte både namneendring, matsituasjonen og ikkje minst fekk dei krysse av sine ynskjer for dette året i årsplanen vår. Det er kjekt når alle vert høyrde og får kome med det dei har på hjartet. Det kom i alle fall fram mange meiningar, til hjelp for oss.
Tid for kaffi og mat: alle hadde med seg noko etande denne gongen. Det var restar frå jul og ymse anna, og eit bugnande bord vart det.
Tida fyk av garde med mykje god prat, men vi fekk tid til ein quiz. Åresalet gjekk godt, det takkar vi for.

Øivind Eide hadde hatt eit møte med helse- og sosialsjefen som han refererte frå. Han og Inger Daggå er pensjonistlagets representantar i saker angåande dei eldre, med kommunen osv… Vi skal invitere helse- og sosialsjefen på eit av møta våre.
Før slutt vart det litt info om det komande årsmøtet, vonar mange vil kome.
Så takka eg for frammøtet, og vel heim.
Helsing frå
Wenche og damene