Vi viser til vedtak i Stranda kommune i førre veke i sak om grensejustering for Liabygda, og leiar i Storfjordnytt 13.02.2025.
Det er grensejustering det handlar om. Vi har alle gått til val på at Fjord kommune skal lukkast. Kommunesamanslåing er ikkje ei aktuell problemstilling no.
I oktober 2024 fekk Fjord, Stranda og Sykkylven kommunar innvilga prosjektskjønn-midlar frå Statsforvaltaren for å utgreie på kva område ein kan sjå for seg å samarbeide tettare i framtida. Fjord kommune har også ein del interkommunale samarbeid som strekkjer seg mot Ålesundsregionen, og vi har signalisert at vi ønsker å følgje tett på arbeidet som desse fire kommunane gjer for å sjå på kva område ein kan samarbeide tettare i framtida.
Det er innbyggjarane i Liabygda som har fremma søknad om grensejustering. I denne saka bør ein legge vekt på kva det er søkt om og kva innbyggjarane i Liabygda meiner er det beste for dei, og ikkje blande inn heilt andre politiske spørsmål som berre vil forsinke avgjerda. Vi samarbeider godt i dag, og det skal vi også gjere i framtida.
Ordførar, varaordførar og
gruppeleiarar i Fjord Sp, Ap, SV, H og Frp