Storfjordnytt
10 minutter lesetid

Felles friluftsfeiring med bål og frisk luft

Sist laurdag opna vi «Friluftslivets år» i eit felles arrangement mellom Verdsarvstiftinga og idrettslaga i Eidsdal og Geiranger. Sidan snøen svikta totalt, valde vi å leggje ENG-cupen til Geiranger og Fosseråsa, og det vart eit kjekt løp eller tur, alt etter kva folk valde. Eit viktig poeng for oss, var at vi skulle inkludere alle. Difor utfordra vi Ingrid Birgitte Løvoll-Harris til å ta med «Trilleeliten» på ein høveleg tur i området Fjordsenteret-byggjefeltet-geoparken, og då startskotet gjekk, var det ein fint lite knippe av barnevogner og andre små køyretøy som rulla seg oppover med små og store førarar.

Saken fortset etter annonsa

Frå starten på løp og tur opp Mørkja/Fosseråsa. Foto: Katrin Blomvik Bakken og Merete Løvoll Rønneberg.

For alle som ville ta runden opp Mørkja til Vesterås, vidare til Hole og ned att snarvegane, var det fellesstart: Veldig inspirerande og kjekt å sjå ei så stort og flott startfelt av løparar og turgåarar i alderen frå 5 år til 90 år! Akkurat slik ønskjer vi at det skal vere – plass for alle, og like viktig med dei friske, hæse-blæsande duellane, som dei fine rusleturane med prat og små pauser. Mellom dei med størst tempo var det til slutt Jon Arve Løvoll som trekte det lengste strået. Han slo Ingvald Knivsflå med 4 sekund, men det må nok endå litt meir trening til før han følgjer veteranen i unnabakke: Der er Ingvald fullstendig utan sperrer, og i yngre år var han òg norgesmeister i nedoverbakkespringing.

Ingvald Knivsflå (nærmast), måtte sjå seg slått av ungguten Jon Arve Løvoll i løpet opp Mørkja. Foto: Katrin Blomvik Bakken og Merete Løvoll Rønneberg.

På Vesterås var det godt med drikkestasjon før ein byrja turen ned att. Etter kvart som folk kom i mål, samlast vi kring bålpannene i grindbygget og kosa oss med grilling. God prat og kjekt samvere. 

Saken fortset etter annonsa
Det smakte godt med pølser etter ein frisk dag i Fosseråsa. Foto: Katrin Blomvik Bakken og Merete Løvoll Rønneberg.

Underteikna og Gunnar Inge Eide orienterte litt om komande arrangement i bygdene våre, og eit viktig signal er: La oss samarbeide! Då kan vi få til endå meir, og vi kan unngå kollisjonar. Elles vart dette ein glimrande start på Friluftslivets år + ei rekkje jubileum, som også kjem på løpande band i år. Takk for frammøtet til alle som deltok, og for kjekt samvere!


Resultatliste ENG-cup 18. januar 2025 – Løp opp Mørkja

Deltakar Alder  Klubb Tid
Trilleløp:
Ingrid Birgitte Løvoll-Harris D.20-29 GIL u.t.
Martyn Løvoll-Harris M.30-39 GIL u.t.
Odin Løvoll-Harris G. 8 år o.y. GIL u.t.
Ragnar Løvoll-Harris G. 8 år o.y. GIL u.t.
Brit Flemmen Kleiva D.20-29 EIL u.t.
Ellinor Kleiva J. 8 år o.y. EIL u.t.
Tarquin Prince Merok D. 30-39 år GIL u.t.
Sanna Prince Merok J. 8 år o.y. GIL u.t.
Hristiyana D.30-39 år NIL u.t.
Mørkja opp – Holebygda ned:
Gutar/menn med tidtaking
1 Jon Arve Løvoll G. 16 EIL 22.15
2 Ingvald Knivsflå M. 50-59 GIL 22.19
3 Jon Kåre Løvoll M. 50 -59 EIL 24.34
4 Torleif Linge Dale G. 16 NIL 30.03
5 Axel Solhaug G. 13 GIL 30.28
6 Sevrin Ytredal Schreijer G. 13 EIL 30.29
7 Kjetil Linge Dale G. 14 NIL 43.35
8 Johannes Eide G. 14 EIL 43.35
9 Martinus Melchior Meek G. 9  NIL 44.14
10 Roy Meek M. 40-49 NIL 44.14
11 Serjei M. 30-39 EIL 51.39
12 Sigvald Knivsflå G. 11 GIL 51.45
13 Ciprian M. 30-39 EIL 52.37
14 Mikkel Jenssen G. 12 GIL 53.04
15 Ingebrigt Rønneberg G. 9 EIL 1.25.24
Jenter/damer med tidtaking
1 Ea Nikoline Schreijer J. 14 EIL 35.00
2 Lina Melchior J. 16 NIL 35.45
3 Martine Hole Bergerud J. 16 EIL 37.11
3 Inga Oline Rønneberg J. 15  EIL 37.11
5 Coby Ytredal D. 70 + EIL 41.02
6 Pernille Knivsflå J. 14 GIL 49.26
6 Mali Solhaug J. 10 GIL 49.26
8 Catherina J. 15  EIL 52.36
9 Julianne Hole Bergerud J. 13 EIL 53.03
10 Nora Blomvik Bakken J. 9  GIL 56.33
11 Sigrid Rønneberg J. 8 år o.y. EIL 1.24.25
12 Airi Kalma D. 30-39 EIL 1.24.55
13 Thomasine Solevåg J. 8 år o.y. EIL 1.25.44
13 Ivrine Solevåg J. 8 år o.y. EIL 1.25.44
15 Iris Anita Rønneberg D. 40-49  EIL 1.25.56
16 Ingrid Hole Bergerud J. 8 år o.y. EIL 1.27.13
17 Mari-Linn Hole Bergerud D. 40-49  EIL 1.27.18
Utan tidtaking
Gunnar Inge Eide M. 50-59 EIL u.t.
Andreas Eide G. 12 EIL u.t.
Branduja J. 12 EIL u.t.
Johanne Melchior Meek J. 12 NIL u.t.
Hilde Melchior D. 40-49 NIL u.t.
Tone Løvoll Kleiva D. 50-59 EIL u.t.
Eldar Kleiva M. 70 + EIL u.t.
Oddbjørg Solhaug D. 40-49  GIL u.t.
Iris Westerås D. 50-59  GIL u.t.
Jenny Muren Knivsflå D. 40-49 GIL u.t.
Monika Mahle Aarset D. 50-59  EIL u.t.
Emma Ytterdal D. 20-29 EIL u.t.
Carolin Eide D. 50-59 EIL u.t.
Terje Birkeland M. 60-69 EIL u.t.
Bagdan G. 16 EIL u.t.
Tryggve Løvoll M. 70 + EIL u.t.
Trude Løvoll Ødegaard D. 50-59 EIL u.t.
Kjetil Ødegaard M. 50-59   EIL u.t.
Lars Maråk M. 70 + GIL u.t.
Marie Maråk D.60-69 GIL u.t.
Merete Løvoll Rønneberg D. 50-59 EIL u.t.