Laurdag 26. april kl. 18.00 inviterer Festspela i Geiranger i samarbeid med Hotel Union til ein unik vårkonsert med Helene Bøksle i Geirangersalen. Med si magiske røyst og sterke tilknyting til natur og tradisjon, er Bøksle ein artist som passar perfekt inn i fjordlandskapet.
Konserten markerer eit nytt steg i utviklinga av Festspela som heilårsarrangør. Sjølve festivalen går av stabelen 25.–28. september, men allereie no i april får publikum ein forsmak på det som ventar – i form av ei intim og stemningsfull konsertoppleving med ein av landets mest profilerte artistar.
Helene Bøksle har begeistra publikum i over to tiår, med ni soloalbum, sterke sceneproduksjonar og musikk som har blitt strøymd millionar av gongar. I 2024 feira ho sitt 20-årsjubileum som artist med utselde framsyningar – frå «Elverhøy» i Ravnedalen til ein storslått finale i Oslo Spektrum. I 2025 kjem ho med ny musikk og held konsertar på nokre av dei vakraste stadene i Noreg – inkludert Geiranger.
– Det er ei ære å få spele i Geiranger. Naturen her rører meg djupt, og det å få dele musikken min i eit slikt landskap er heilt spesielt, seier Helene Bøksle.
Med denne konserten ønskjer Festspela å skape nye møtepunkt mellom musikk og natur – året rundt.