Honnør til Eidsdal skule!

8. mai 2025. Frigjeringsdagen for 80 år sidan. Ein viktig dato, og offisiell flaggdag.
Tidleg denne dagen bad eg kommunedirektøren og ordføraren sjå til at det vart flagga ved alle skulane i kommunen, sidan 2025 er eit viktig jubileumsår for frigjering og fred. Dagen er såleis viktig relatert til situasjonen i verda rundt oss, fjernt og nært.
Deler av 8. mai sat eg i bil til Ålesund, og då eg passerte skulane i Valldal og Stordal hadde ingen av dei flagget oppe. Det var nokså rart å passere Stordal skule, der skuleplassen var fyllt av born og ungdom, med ei naken flaggstang «midt i» flokken, medan private flaggstenger i bygda hadde flagget til topps!
Eg veit ikkje kva som gjekk føre seg ved nokon av skulane i Fjord kommune, men at det kun var Eidsdal skule som hadde funne dagen viktig nok til å heise flagget, det forundra meg.
Denne dagen var aviser og radio «fulle» av artiklar og reportasjar om freden etter 2. verdskrig. 8. mai er viktig historie. «Det er viktig ikkje å gløyme, det er viktig å lære».
I ulike samanhengar vert det snakka mange fine ord om haldningsskapande arbeid for born og ungdom. Tenk om nokre av skuleelevane hadde fått i oppgåve både å heise, og fire flagget. Eg trur dei hadde vore stolte, og det hadde vore viktig historiekunnskap. «Det er viktig å lære».
Uansett, å heise flagget ved eit offentleg bygg på denne viktige dagen burde vere obligatorisk, sjølv om det ikkje er lovpålagt. Svaret frå kommunedirektøren var at etablert praksis er flagging ved rådhuset i Valldal og Stordal. Det svaret synest eg ikkje var godt gjennomtenkt i jubileumsåret, og eg stiller meg undrande til tenkjemåten.
I tillegg til Eidsdal skule, takk òg til dei 3 alders- og sjukeheimsinstitusjonane i kommunen som braut den «etablerte praksisen», og flagga!