Førstkomande laurdag vert det ein ny konsert med ”lokale heltar” i regi av Norddal sokneråd.
Den første konserten i fjor haust vart ei fantastisk oppleving. Song- og speleglade valldalinger baud på eit overflodshorn av medrivande melodiar.
Denne gongen kan publikum ta turen til Norddal. Akkurat som sist serverer Hilde og Gunnhild kaffi og svele når du kjem inn døra.
Kveldens lokale heltar kjem frå både Norddal, Eidsdal og Geiranger, og her kan vi avsløre nokre godbitar frå programmet: ”Nabolaget” bidreg med låter som ”Just a Closer Walk” og ”Green Grass of Home”. Matilde Tafjord Rødhammer kjem frå Trondheim for å glede oss med mellom anna ”The Seed” av Aurora. Alfred Nilsen tek turen frå Volda saman med gitaren sin og syng ”O Jesus, du som fyller alt i alle”. Celien de Pelecijn har du kanskje møtt hos Kirsti på Veiberg eller som dansar/danselærar i Geiranger. På laurdag får du oppleve ho som songar med mellom anna ”Understrøm” av Ane Brun.
Ein sjølskriven gjest er Ingunn Linge Valdal som bidreg med vakre melodiar, både som solist og i samspel med andre. Allsong vert det óg.
Carolin og Gunnar Inge Eide stiller som tonefølgje på orgel og piano, og Lasse Døving ordnar med god lyd til oss, takka være støtte frå sparebanken Møre.
Konserten er gratis og med kollekten din støttar du kyrkjelyden. Velkomen!