Torsdag 6. mars vart alle flotte gjestar ynskt velkomne i kjellarstova Eidsdal med ein liten beskrivelse av siste dagars begivenhet utafor husnova.
Sikk sakk vi drypper på tak, det regner i dag
det drypper og drypper det spruter og spretter
og vatnet det sildrer og renner og detter
Kva hadde livet vore utan vatn???
Men tru det eller ei så vart det tørt og fint ute og takk for det.
Wenche ønskte alle hjarteleg velkomne og ikkje minst, ein mann med glimt i auget: Bjørnar Midtbust frå Stordal, ein framifrå kar. Vi gledde oss på det som skulle kome.
Fyrst måtte vi synge litt, og starta opp med «Tulipanar frå Amsterdam» og «Min Gitar». Denne gongen var det Tryggve Løvoll som hadde Ord for dagen. Han tok oss med attende til sin barndom på Bruland. Hadde det vore i lærar Thor Brekke si tid på skulen, hadde dette fått overskrifta: Ein dag eg aldri gløymer. Han fortalde om taubana opp til Kilsti, i 1937, og til Storås litt seinare. Dei skulle frakte nokre tømmerstokkar ned frå Kilsti, men då slitna det og det kunne gått styrande gale. Heldigvis gjekk det bra med folka. Taubana vart til stor hjelp for folk på den tida, ein sparte seg mykje slit. Elles fortalde han frå rundt omkring frå den tida, det var flott ord for dagen.
Litt musikk igjen før Bjørnar slapp til. I tillegg vart Leidulf Tafjord ynskt velkomen inn i styret.

Bjørnar Midtbust tok oss attende til Stordal frå ca 1900 og framover. Han viste mange gamle postkort, frå den gamle strandlina og frå gamlegata. Vi stifta bekjentskap med hesten: Gura/Guro?-merra, den tilhørte einaste garden med kvinnenavn. Vi fekk også høyre om korleis industrien tok til å vekse opp. I 1956 kom vegen til Dyrkorn, og det vart stor forandring. I 1992 arbeidde over 400 på møbelfabrikkane i Stordal, det var eit yrande liv både på arbeid og i fritida. No er det knapt 30 som jobbar i industrien der. Sprek og sporty som han og frua er, måtte vi sjølvsagt opp på fjell og toppar. Dei har ein lidenskap; fotografering, så augene våre fekk kvile seg på mykje vakkert. Det er mange slags lidenskapar blant oss, fotball, sommer og vintersport, fotografering, osv… Bjørnar hadde laga ei vise om sportslidenskap, og den var da jammen så bra.
Eg som skriv dette har aldri vore oppover i Dyrkorn-bygda, men det ordna han med. For ei perle! Flotte hus, blomar, utruleg flott utsikt, naturen! Langt der oppe ein gard i drift. Må seie det var flott der oppe, kanskje det vert ein tur med kaffikanne og nistepakke ein gong. Vi måtte også opp på Langsetrane, å kor fint. Ikkje rart dette er deira paradis. Det er synd at dyrehaldet minkar, det er lite dyr på beite, og det gjer at det veks igjen der som andre plassar. Elles var vi oppe ved Kleivavatnet, fantehammaren – det flagra med framande namn , men flotte plassar var og er det. Den mannen får til mykje. Han hadde laga ein annan og fin tekst på «Har du fyr». Bra altså. Han sa at Dalsbygda var den mest sjarmerande av alle bygdene i kommunen. Ja, ja han er ikkje bufferedd, men eg er litt einig… Det kom mange lovord om deg, steingalne Hallvard Eide. Om alt du/dokke har fått til der inne. Ikkje å forgløyme alle fin konsertane i gruva.
Dette var berre litt av det han fortalde oss. Det var mykje meir, men ein måtte vere der for å få med seg alt. Han er ein framifrå songar og forteljar. Ei fortryllande kone har han også – tusen takk skal dokke to ha, vi gler oss allerede til neste gong.
Meir musikk måtte til, og Nabolaget stilte opp som vanleg. Etter alt dette smakte det godt med god mat og kaffe. Åresalget gjekk godt.
Litt info om neste møte, då er det ope møte, plakat og annonse kjem. Vi har allereie starta på Havets festbord som blir 3. oktober. Dette er ala Fjordafest, ein fest/samankomst som krev godt samarbeid, eg gler meg allereie. Dette snakka vi ein del om.
Elles vart det endå meir musikk og song, det var fleire nye songar i heftet vårt, det let godt.
Takk til alle som kom, og vel attende neste gong, 3. april.
Helsing Wenche og gjengen