Leiaren i første utgåve av SN 2025 var av den litt krasse sorten. Eit godt fundert innlegg, som setter lys på lokaldemokratiet og den kommunale administrasjonen, den som politikarane forventar skal gjennomføre kommunestyret sine vedtak.
Det er med undring eg ser der er ingen kommentarer til denne leiaren. Kan den støyande stillheita bety at redaktøren tok skammeleg feil, eller at ingen våger å ta til motmæle?
SN leverer stoff frå alle formannskaps- og kommunestyremøte. Avisa gjer den jobben den er satt til. Leiaren er eit eksempel på det. SN observerer stort sett alle opne møte. Møta streamast også live på nettet (anbefales). Link finn ein på Fjord kommune sine nettsider.
Og om redaktøren tek feil, kvifor kjem ingen med motsegn? Den diskusjonen, den må både den politiske og administrative leiinga tore å ta. Spesielt i ein liten kommune som Fjord! Det som er heilt sikkert er at denne leiaren i SN vert diskutert, både på rådhuset og i dei politiske partia. Dette er ein viktig diskusjon, både for politikarane og for kommunedirektøren og han sin stab. Alle er tjent med det.
Om lokaldemokratiet skal fungere, bør desse diskusjonane delast med oss alle. Og då er avisa kanskje plassen? Der når ein mange med sine tankar om mellom anna dette.
Vi bør alle bruke den rett vi har til å rose eller kritisere. Redselen for å såre eller sei noko «dumt» kan ikkje styre kva meiningar vi har. Personlege angrep og hatefulle ytringar mot dei ein er uenige med, dei treng vi overhodet ikkje! Vi bør bruke ytringsfridomen klokt.
Men: om alle teier, kan det då vere at redaktøren har rett i sine vurderingar? Om ikkje, fortel! No har vi berre den leiaren å forhalde oss til.
Den som teier samtykkar, har eg høyrt. Brølet av stillheit, gjer at ein undrast!