Kl 14:00 kunne leiar i Stordal og Liabygda pensjonistlag, Ann Elise Dyrkorn, ønskje dei ca 60 frammøtte hjarteleg velkomne. Og spesielt ønskte ho journalist, låtskrivar og humorist Arild Hoksnes velkomen.
Tradisjonelt opna vi treffet med å synge «Songen til bygda» og «Sangen til Liabygda», flott akompagnert på gitar med Hoksnes som forsongar.
Ord for dagen var ved Palma Flåen Øvrebust. Ho las stykket «Historie frå Dyrkorn» frå boka Baktankar, skrive av Vidar Parr. Ei historie som mange av oss kjente igjen frå vår barndom og som fekk oss til å dra på smilebandet.
Så vart scena overlatt til Hoksnes. Han presenterte seg som halv nordmøring, halv sunnmøring og som han sa «ikkje heilt navla». Hoksnes er mellom anna godt kjent frå – som han sa – den «verna» bedrifta NRK – der han har kåsert gjennom 15 år. Han fortalde morsomme historier frå ymse stader i fylket. Han tok for seg alt frå pessimisme og optimisme, til helgagebiss og kvardagsgebiss, og delte minne frå Nyhamna, Møreaksen og steinalderfolket på Gossen. På Aukra er det bygd eit stort basseng, og ordførar Beinhard fekk stadig vekk spørsmål om kor langt bassenget var. Til slutt svarte han: «Det er så langt at du treng ikkje snu»…
Hoksnes har skrive eigne tekstar til country- og westernmusikk frå 50-60 talet – og nokre av desse framførte han. Mellom anna den fine og kjende sangen «Før I såg deg». Ein song som blir brukt både i bryllup, begravelse og endåtil som frieri.
Ei stor takk til Arild Hoksnes for ei fantastisk underhaldning denne gongen også. Latteren og applausen frå salen vitna om at dette var ei stor oppleving for alle.
Det var sjølvsagt også tid til mat og god prat over kaffikoppen. Dei frammøtte fekk nyte deilige smørbrød med fruktsalat, egg m/laks og sild .
Bowling er ein populær aktivitet blant medlemane, og liste med dei tre aktuelle dagane vart sendt rundt på borda. Mange skreiv seg på og alle vil få meir informasjon tilsendt etter kvart.
Avslutningsvis takka leiar for frammøtet, samt stor takk til Hoksnes. Hoksnes nytta også høvet til å takke for seg og gav uttrykk for at han gjerne kjem tilbake om eit års tid.