Ein gong i året, i mars månad, samlast frivilligheita i Fjord til det som har fått namnet Frivilligforum.
No er det straks klart for ei ny samling, denne gongen på frivilligsentralen i Stordal.
Målgruppa for møtet er frivillige lag, frivillige medhjelparar og andre som måtte vere insteresserte. Møtet er ope for alle – og ein treng ikkje melde seg på.
På Fjord kommune si nettside står det å lese at Frivilligforum er ein samhandlikngsarena for frivilligheita i kommunen – der alle lag og organisasjonar, frillige, næringsliv og andre er velkomne.
Det er eit allsidig program denne marskvelden. Ordføraren opnar det heile – før ein kan la seg inspirere av Ørskog Angels og bli betre kjent med Eidsdal Musikkorps. Møtelyden får også bli betre kjent med Ruggå 4H.
Så er det ein programpost om frivilligsentralane og ressursgruppa. Friluftslivets år 2025 er også ein programpost.
Det vert også informasjon om kulturstrategien til Fjord kommune – og det vert høve til å kome med innspel.
Og heilt til slutt er det ein programpost som har fått namnet idémyldring/spørjetime.
Akivtetskalenderen til Fjord kommune er noko som også det vert mint om på frivilligforum. Aktivitetskalenderen er kjekk å ha, her kan alle som skal arrangere noko, enten det er privatpersonar, lag, næringslivet eller kommunen, melde inn arrangementet slik at det kjem inn på aktivitetskalenderen. Planlegg ein noko, er det kjekt å ta ein sjekk i aktivitetskalenderen slik at ting ikkje kolliderar. Dessutan, ein kan sjå kalenderen både på kommunen si nettside og på opplevfjord.no.