Storfjordnytt
1 minutt lesetid

Stå fram med fullt namn!

Av og til dukkar det opp anonyme innlegg i avisa. Det irriterer meg, og eg synest det er ein uskikk. Den som står fram med sterke meiningar og påstandar bør også kunne ha ryggrad til å tore å gje seg til kjenne. Noko anna synest eg er feigt.

Saken fortset etter annonsa

På den andre sida synest eg at avisa ikkje burde ta inn anonyme innlegg. Det er vanleg praksis i andre aviser, med mindre det gjeld heilt spesielle saker som det er viktig å ta opp, og der ein må skjule identiten til den som har skrive det fordi ein må verne om slikt som helseopplysningar eller annan såkalla sensitiv informasjon. Men også i desse tilfella kjenner redaksjonen til kven som står bak, og opplyser under innlegget om at dei gjer det.