Prosessen med å bygge opp att grisefjøsen etter den brutale brannen i 2023 er i full gang på Veiberg i Eidsdal, og det er 26 år gamle Mariell Døving Veiberg som etter kvart tar over garden og drifta etter foreldra sine, Jan Trygve Veiberg og Ragnhild Døving, som den yngste av fem søsken.
– Eg har lenge hatt i tankane at eg ønskte å ta over garden, og valet kjennest heilt rett, fortel Mariell.
Storfjordnytt møter den unge, kommande grisebonden på garden heime på Veiberg for ein prat.
Frå sjukepleiar til grisebonde
Mariell fortel at ho studerte sjukepleie i Førde før ho flytta til Volda og deretter Ålesund for å jobbe.
– Då det vart snakk om kven av barna som skulle ta over garden, var det ikkje aktuelt for nokon av dei andre søskena, seier ho.
Det blei derfor bestemt at det var ho som skulle halde fram med drifta med gard og gris.
– Eg har kjent mykje på interessa for landbruk og gardsdrift, i tillegg til å vere heimekjær når eg har budd heimafrå, seier ho.
Dermed passa det veldig bra å flytte tilbake til Veiberg i 2023 for å gå i foreldra sine fotspor.

Tek over
På garden er det tre hus, og akkurat no bur Mariell i barndomsheimen saman med pappa og mamma. Etter kvart skal dei pusse opp eitt av husa på tunet slik at ho kan flytte inn der.
– Det er eit eldre hus, så det trengst mykje oppussing før eg kan flytte inn der, fortel ho.
Foreldra skal halde fram med å bu der dei bur no.
– Dei kjem nok til å hjelpe til mykje på garden her med diverse arbeid, og eg har mykje å lære frå dei, smilar ho.
Fekk støtte
Den unge grisebonden fortel at ho har hatt mykje medvind når det kjem til økonomisk støtte, mellom anna frå næringsfondet til kommunen.
– Vi fekk 500 000 kroner derifrå, og då blei eg veldig overraska, men det er sjølvsagt utruleg kjekt, seier ho.
Akkurat no byggjer dei opp at grisefjøsen, det valet var enkelt å ta etter at ho sa at ho ville halde fram med drifta og ta over garden.
I tillegg til dette har ho mange andre idéar og planar, og drøymer om å utvide til gardsutsal av ulike produkt av gris, og forhåpentleg grønsaksproduksjon og drivhus. Først er det sjølvsagt å kome i gang igjen med grisane og å lære seg alt ho treng der som er prioritet.
Fortsatt ungt miljø
Det er ikkje til å stikke under ein stol at det er mykje motgang for dei som ønskjer å leve av landbruk i Noreg, men Mariell har fortsatt tru på at det er eit miljø for det.
– Ein ser jo mest at gardar blir nedlagt og slikt, men eg har faktisk møtt mykje folk på min alder på kurs og andre ting som brenn for dette, så det er heldigvis framleis eit miljø for det, seier ho optimistisk. Ho snakkar om kjerneverdien for det å lage mat og forsyne folk.
– Det er lite sjølvforsyning i Noreg no, så det er viktig å bidra for å få til det, kjenner eg, seier ho.

Trivst på gard
Mariell fortel at ho har trivest godt med å vekse opp på gard.
– Før hadde vi kyr her også, men eg hugsar mest av grisane, seier ho. Sjølv om det ikkje har vore kyr på garden på fleire år, er dei framleis del av Eidsdal samdrift på Skuset.
Ho og søskena måtte hjelpe til med forskjellig arbeid på garden no og då, og ho fortel at det var kjekt å vere med i fjøsen som barn. Storfjordnytt spør kvifor dei gjekk for nettopp grisedrift.
– Nei, det må du spør pappa om, flirer ho, før ho svarar at grisar er jo mellom anna veldig kjekke og interessante dyr.
Større fjøs
Ute på tunet er maskiner og folk i sving for å byggje den nye fjøsen som skal huse grisane som kjem når alt er klart. Der er også pappa Jan Trygve i arbeid, med alt som gjerast kan.
– Det er fortsatt i tidleg fase, vi held på med graving og betongarbeid no, seier han.
Fjøsen blir større og betre enn den førre, og litt meir praktisk. Dei håpar at den står ferdig til hausten ein gong.
– No har vi støypt ferdig kjellarane, og gjer klart for at snikkararbeidet etter kvart skal starte.
Dei er opptekne av å bruke lokale aktørar, og det er mellom anna firmaet Hovden Bygg AS frå Valldal som skal stå for dette arbeidet.
Stas at dottera tek over drifta
– Det hadde truleg ikkje vore bygd nokon ny fjøs om ikkje nokon av barna ville ta over garden, seier Jan Trygve.
Han fortel at dei blei litt overraska over at dottera ville overta, men at han blei veldig glad.
– Det er mykje å lære for den som er fersk i gamet når det kjem til gardsarbeid, og mykje å setje seg inn i, seier han.
Han nemner at alt må lærast, men at han har full tru på dottera.
– Det er mykje maskiner som må handerast, det blir truleg det mest krevjande, seier han.
No gler dei seg til at fjøsen skal bli ferdig, slik at dei kan kome i gang med alt.