Den siste veka har vore begivenheitsrik. Mildt sagt. Senterpartiet takka for seg i regjering – og tysdag denne veka vart den nye regjeringa presentert. Den største overraskinga var nok at Jens Stoltenberg takka ja til å verte finansminister i den nye regjeringa.
Mange nye statsrådar er no så smått i sving med arbeidet sitt. Og mange vil nok seie at det ikkje spelar nokon rolle for oss lokalt kven som til einkvar tid benkar seg rundt Kongens bord. Men det har faktisk noko å seie.
La oss ta Raudbergvika som eit døme. Der har ein frå lokalt hald hatt mykje kontakt med førre kommunalminister – ettersom det er kommunaldepartementet som til sjuande og sist skal vende tommelen enten opp eller ned for områdereguleringsplanen. Spørsmålet vert då om ein ny kommunalminister vil vere like oppdatert som den gamle når saka etter kvart skal behandlast. Kanskje må ein no ta ein ny runde opp mot departementet for å bringe den nye statsråden «up to date» i saka…?
Og kva med grensejusteringa av Liabygda frå Stranda kommune til Fjord kommune? Kva vil statsråden gjere her? Statsforvaltaren skal i løpet av kun kort tid kome med si endelege tilråding til departementet, ei tilråding som mest truleg vil vere positiv i favør av ei grensejustering. Kva vurderingar vil statsråden gjere i ei slik sak? Det blir spennande å sjå kva som kjem fra departementshald i dei ulike sakene i tida framover!