Det er ganske forstemmande å høyre og lese referat frå det store MOT-arrangementet i Stordalshallen sist fredag. Hadde det ikkje vore for ungdommane frå sørsida av fjorden, altså bygdene Norddal, Eidsdal og faktisk også Geiranger, så hadde det vore rett så stusseleg i hallen denne kvelden. Rett nok dukka det opp nokre fleire etter kvart, men likevel… Ein kan undre seg over kva årsaken til dette kan vere.
For det er ikkje slik at MOT-arrangementa generelt sett er dårleg besøkte. Tvert om. Berre sjå på MOT-arrangementet kvelden før 1. mai – det er det vanlegvis godt oppmøte og «hæla i taket» frå start til slutt.
Noko av greia med desse samlingane er å gje ungdommane våre eit tilbod med meining. Men ikkje berre det, det er like så mykje for å samle ungdommen i bygdene våre slik at dei vert betre kjende med kvarandre. Så kvifor er det så få som dukkar opp?
Kan noko av forklaringa ligge heime? Kan det vere slik at vi vaksne er sleivkjefta når vi snakkar saman kring middagsbordet eller når vi sit framfor fjernsynet? Kan det vere slik at vår omtale av dei andre bygdene enn den vi sjølve bur i – og dei som bur i dei andre bygdene har noko med dette å gjere? Det er så lett å slenge ut av seg ting, karakteristikkar og anna utan å tenkje seg om. Vi likar ikkje naboen. Og ho der borte, ho må det då vere noko rart med, berre sjå korleis ho kler seg og kva farge ho har på håret. Eller kva med dei i nabobygda eller på hi sida av fjorden, er ikkje dei eigentleg av den sorten vi ikkje har noko til felles med? Vi ser på tv, kritiserer det folk har på seg, vi kommenterer vekta deira, kva dei jobbar med og kva dei seier – og korleis dei seier det. Ofte meiner vi ikkje noko med det vi slenger ut av oss. Ikkje eigentleg. Men ungane våre skjønar ikkje nødvendigvis det.
Eg seier ikkje at det er dette som er årsaken til litt laber deltaking på VinterMOT, men stiller spørsmålet. For det er ei kjensgjerning at mange av oss er slik skrudd saman at vi ikkje er riktig friske med mindre vi har noko å klage over, noko å kritisere…
Det kan vere ein idé for ungdommane, foreldre, skule – og alle dei som driv med MOT å prøve å nøste litt i dette. Kan hende er forklaringa så enkel at det rett og slett ikkje frista å ta turen akkurat denne kvelden. Men då kan det vere ein idé å forsøke å finne ut av kva som skal til for at fleire blir med neste gong. For ingenting ville gledd meg meir enn om eg skulle ha tatt feil om at slarvet til oss vaksne er ein årsak!
Men dette viser også at vi som bur i Fjord kommune framleis har ein relativt lang veg å gå før vi med handa på hjartet kan seie at vi er éin kommune, at vi kjenner oss om del av det store vi-et eg har etterlyst så mange gongar før. Store som små, unge som gamle, må snart innsjå at Fjord kommune er her. Vi må ønskje kvarandre og unne kvarandre vel og vi må slutte med denne kivinga bygdene imellom. Det som er bra for ei bygd, det er bra for alle bygdene! Vi må vere rause med kvarandre, heller enn misunnelege. For misunning er ikkje spesielt produktivt.
Vi står framføre store endringar i kommunen vår i åra som kjem, det handlar om struktur på tenestene vi får frå kommunen. Dagens måte å drifte på er ikkje noko vi kjem til å ha med oss inn i evigheita. Det betyr at du og eg og alle andre rundt om i bygdene våre er nøydde til å justere kursen vår. Vi kan ikkje forvente at kommunen ordnar ut med alt mogleg rart, heller ikkje når vi vert godt vaksne. De hugsar kanskje ein tidlegare helseminister som meinte at vi alle må ta større ansvar for vår eigen alderdom. Ein kan meine mykje om Kjerkol (som sa dette), men akkurat her har ho truleg heilt rett.
Alle vert vi eldre, og bra er det – alternativet vil mange ikkje tenkje på. Men vi må i større grad rigge oss slik at vi kan greie oss sjølve lenger enn kva ein tidlegare har vore nøydde til. Eg må det. Du må det. Alle må det. For når vi blir stadig fleire eldre og stadig færre yngre til å gjere jobbane, så må vi hjelpe til sjølve, slik at dei som treng det, får det dei har behov for.
Kommunen sitt ansvar er å levere dei tenestene vi innbyggjarane treng, når vi treng dei. Det betyr at vi må innfinne oss med at vi ikkje kan få alt vi peikar på når det passar oss. Men lovverket er på vår side slik at vi skal få dei tenestene vi har behov for. Når vi har behov for dei. Og så må vi sjølve ta ansvar for å leve gode liv enn så lenge. Ta vare på helsa vår ved å ete fornuftig og kanskje til og med trene litt. Ta vare på den mentale helsa vår ved å delta i samfunnet rundt oss, enten det no er i arbeidslivet, i frivillig arbeid, i kor eller korps – eller rett og slett berre møte gode vener til ein god gammaldags kaffislabberas. Og passe på å le litt, ein god latter skal jo etter sigende forlenge livet… Vi må også vurdere om vi er på ein stad i livet der vi kanskje bør vurdere å skaffe oss ein annan og betre eigna bustad, ein utan masse trapper, ein der vi ikkje treng å brøyte. Slike ting…
I mellomtida må vi trene på vere rause med kvarandre, snakke fint om både naboen og andre – og gjere eit forsøk på å verte eit «vi» i staden for dei og oss. For vår del. Og for ungane våre sin del slik at nokre av dei kanskje vil leve vaksenlivet sitt her når den tid kjem. Det treng vi, då må vi oppføre oss slik at dei har lyst til å bli buande her.