Ein del politikarar har ved fleire høve opp gjennom åra kommentert at dei synest administrasjonen i Fjord, med til einkvar tid sittande kommunedirektør i spissen, ter seg meir som politikarar enn som del av administrasjonen.
Under siste kommunestyremøtet i 2024, og særleg i budsjettsaka, vart det spesielt tydeleg at administrasjonen ikkje alltid greier å ha rett hatt på seg. Det er uryddig. Mildt sagt.
Mi ringe forståing av korleis dette heng saman, seier meg at administrasjonen har all mogleg sjanse til å meine noko om sakene som vert lagt fram for politikarane. Administrasjonen sine meiningar og vurderingar skal kome klart fram i saksutgreiingane – som endar ut i ei tilråding til politikarane. Det er her administrasjonen kan meine noko om sakene. Føler ein behov for å meine meir, så burde ein kanskje ha jobba litt meir med saksutgreiingane…
Når så sakene kjem til politisk behandling, så kan administrasjonen sjølvsagt svare på spørsmål frå politikarane, men ein bør vere varsam med å bikke over til å drive politikk. For det skal ikkje administrasjonen halde på med.
Så er det opp til politikarane å meine noko om det administrasjonen legg fram. Dei kan velje å gå for tilrådingane frå administrasjonen, eller dei kan velje å vedta noko heilt anna, uansett kva administrasjonen måtte meine. Og når eit vedtak er fatta, er det oppgåva til administrasjonen med kommunedirektøren i spissen å etter beste evne å setje i verk det som er vedtatt – uansett om ein likar det politikarane har bestemt eller ikkje.
Vi har tidlegare sett døme på ein viss seindrektigheit når det gjeld akkurat det siste, særleg når politiske vedtak har gått på tvers av det administrasjonen ønskjer. Men slik er det. Politikarane si oppgåve er å vedta det dei synest er best, ikkje nødvendigvis følgje administrasjonen i eitt og alt.
Budsjettvedtaket som vart gjort av fleirtalet i kommunestyret rett før jul er eit godt døme på at politikarane gjer noko som administrasjonen ikkje likar. Å ikkje utvide utskrivingsgrunnlaget for eigedomsskatt sat langt inne for enkelte av kommunestyrerepresentantane, men dei røysta med det alternative framlegget frå opposisjonen, altså Høgre og Framstegspartiet sitt. Politikarane var i sin fulle rett til å gjere det – akkurat som dei som røysta for tilrådinga frå formannskapet, som forøvrig var identisk med tilrådinga frå administrasjonen, var i sin fulle rett til å gjere det.
Så vert det spennande å sjå kva budsjettvedtaket fører til av tiltak utover året. For det er ingen tvil om at ein må snu om på ein god del for å få ein sunn drift av kommunen. Ein må for alvor sjå på struktur, ein må for alvor sjå på om det er mogleg å jobbe annleis og smartare. Og ikkje minst, ein må for alvor sjå på om det er ting ein kan samarbeide med andre om, enten det no er andre kommunar eller private verksemder. Sjølv med auka eigedomsskatt måtte kommunen ha sett i gang dette arbeidet. Å tru noko anna, er i beste fall naivt.
Ein del av endringane ein kan sjå føre seg i organiseringa av drifta vil nok gjere vondt for mange og kanskje aller mest for politikarane. Men håpet er no at administrasjonen faktisk involverer dei tilsette i dette arbeidet, for eg er overbevist om at dei tilsette sit på mykje av løysinga på omstrukturering, omorganisering og smartare måtar å jobbe på. Det er dei tilsette som veit korleis kvardagen og oppgåvene deira ser ut, og det er dei som er dei næraste til å ha gode tankar om kva som kan endrast og gjerast annleis og meir effektivt. Eg er sikker på at dersom dei vert inviterte inn i prosessen, så vil det kome mykje godt ut av det. Og det er heller ikkje sikkert at prosessen vil gå veldig mykje seinare med slik involvering enn utan. For det er slik at når ein er blitt invitert inn i ein prosess der ein kjenner seg både sett og høyrt, så er det lettare å akseptere endringar ein i utgangspunktet ikkje har sansen for. Ved å involvere skikkeleg så reduserer ein i det minste risikoen for stor uro og misnøye i organisasjonen – rett og slett fordi dei det gjeld har fått vere med i prosessen.
Så til slutt: vi har starta på eit nytt år. Og eg nyttar høvet til å ønskje alle eit godt nytt år. Når dette kjem på trykk, står det att 362 heilt ubrukte dagar av 2025. Kanskje har ein del av dykk nyttårsforsett om å starte eit «nytt og sprekare liv», eller kanskje har ein som nyttårsforsett å ikkje ha noko nyttårsforsett. Uansett, det nye året kan fyllast med nytt innhald, eit anna innhald enn det året vi har lagt bak oss. Om vi vil. Det er spennande.