Over helga kan vi risikere at innbyggjarane i dei tre sørsidebygdene Geiranger, Norddal og Eidsdal står utan beredskapsferje, det vil seie, utan ei ferje som går nattestid når ambulanse eller andre blålysetatar har behov for det.
Det er alvorleg, for å seie det forsiktig. Alvorleg er det også – om vi går attende til slik det var for eit år sidan, at dei som skal på skule og jobb og anna aldri kunne vite om dei faktisk kom seg dit dei skulle om morgonen. For då var det slik at hadde ferja vore ute på ein nattleg tur med ambulansen, så vart avgangar om morgonen innstilte – på grunn av kviletida til mannskapet. Det var heller ikkje spesielt heldig, det gjorde livet som sørsidebuar temmeleg uføreseieleg. Slik kan vi heller ikkje ha det.
Og vi kan ikkje ha det slik at folk på sørsida skal vegre seg for å kontakte helse på nattestid, av frykt for å vere den som «får skulda» for at ferja vert innstilt morgonen etter. Det kan i ytste konsekvens få fatale følgjer. Det er godt at leiar av samferdselsutvalet i fylkeskommunen slår fast at folk skal vere trygge på at liv og helse vert ivaretatt. Vi får berre håpe at dei som tilsynelatande sit og peikar på kvarandre utan å ta ansvar no snart får grei beskjed frå statsråden om korleis dette skal vere.
Eg er heilt samd med dei som no er utolmodige som pressar på for at saka skal finne si løysing. Det er vel berre i det offentlege at ein kan bruke eit heilt år på noko som, sett utanfrå, eigentleg bør vere ganske rett fram. At det er fleire partar inne i dette, gjer det kanskje ikkje enklare, men likevel. Sjølv statsrådar bør kunne få ut den berømte fingeren og setje skapet på plass etter å ha arbeidd «godt med saka» i eit år.
Å ikkje vite, er det som er det aller mest problematiske i denne saka. Og for å ha sagt det: denne problematikken og uvissa det fører med seg, bidrar ikkje til at folk får lyst til å busetje seg i desse tre bygdene. Sørsidefolket lever med ein veg som er nattestengt kvar einaste natt heile året rundt. Det i seg sjølv er ille nok, men noko dei har lært seg å leve med. Men det å ikkje vite om ein framover kjem seg på sjukehuset om ein har behov for det, eller om ein kjem seg på jobb, skule, til legetimen eller andre avtaler tidleg på dag, er ikkje til å leve med. Vi er i 2025, og slike problemstillingar burde ikkje ein gong vere eit tema.
Vi kan gå nokre tiår attende i tid, til dømes til 1975, då var det slik at doktorbåten tok seg av beredskapen. I tillegg var det slik at kven som helst, også privatpersonar, kunne avtale med ferjeskipperen å leige ferja på nattestid ved spesielle høve som til dømes bryllaup. Den gongen, for 50 år sidan, kosta det 3000 kroner å leige ferja for slike nattlege utfluktar. Det er Gudmund Relling som har gitt oss desse opplysningane. Rett nok var tidene ganske annleis den gongen, og ferjeavgangane var ganske annleis enn no, men folk hadde likevel vissheit om at trong dei helsehjelp, ja så rykka legen ut med doktorbåten. Ein var også rimeleg trygg på at ferja gjekk etter oppsett rute, sjølv om det kunne vere ei «kinareise» å kome seg dit ein skulle. Gudmund Relling har sendt oss kopi av ferjerutene den gongen. Det gjekk ferje mellom Stranda og Stordal – og så var det «kinareisa» då, med rute Stranda-Overåneset-Eidsdal-Linge-Valldal-Tafjord. Sommarstid var det noko lettare, med ferje Stranda-Stordal, Tafjord-Valldal og Eidsdal-Linge-Overåneset-Stranda.
Sjølv om eg var berre jentungen i 1975 og budde i Bærum, så var eg mykje somrane i Eidsdal hos besteforeldra mine. Eg hugsar godt korleis dette var, ikkje minst fordi bestefaren min hadde drosjeløyvet i Eidsdal – og også ambulansekøyringa. Han kunne rekvirere ferja nattestid, og det var meir enn éin gong eg måtte vere med i bilen når besteforeldra mine måtte avgarde til sjukehuset med pasientar om natta. Eg kunne jo ikkje vere att på Haugtun åleine nattestid, må vite. Men eg hugsar eg opplevde det som ganske stas at bestefar kunne «bestille» ferja ved behov, og at det kunne vere ganske skummelt å sitje der i passasjersetet framme medan bestefar køyrde, ofte «som eit svin» til sjukehuset, med bestemor baki saman med den sjuke. Eg hugsar også at han, så snart vi var framme på sjukehuset, ringte politiet og sa fra om at dersom ein raud Volvo 240 stasjonsvogn var blitt observert lang over fartsgrensa, så var det han som hadde køyrt utrykning. Det var ein avtale han hadde med politiet. Slik var det den gongen.
Det er ganske pussig at ein den gongen hadde gode løysingar både for beredskap og anna, løysingar som var basert på at ein kunne vere både fleksibel og løysingsorientert. I 2025 ser fleksibilitet ut til å vere eit framandord, i alle fall på dette området. Dermed må vi setje vår lit til at statsråden snart er ferdig med å «jobbe godt med saka» og kome fram til ei løysing, enten det no vert sånn eller slik. For uvissa er det som er verst å leve med.