Eg har ofte stor glede av å bla i gamle årgangar av Storfjordnytt, ja innimellom går eg attende til då avisa heitte Norddal Bygdeblad. Det er rett og slett artig å sjå kva folk var opptekne av før, og ikkje minst, sjå bilete av noko yngre versjonar av folk som framleis vert avbilda i avisa frå tid til anna.
Det eg har funne ut, er at det vi diskuterer i dag i stor grad er det same som vart diskutert for ti, tjue og tretti pluss år sidan. Det handlar om skral kommuneøkonomi, det handlar om nedgang i folketalet – og at det ikkje vert fødd nok ungar, det handlar om reiseliv og kulturliv. «Alle», og særleg kommuneleiinga, er like uroa over utviklinga no som den gongen.
I attersynet denne veka, ser vi at vêret for 20 år sidan var ganske likt som no. Med mildvêr i januar, ja faktisk så mildt at ein i Tafjord snakka om rekordar både med tanke på nedbør og temperatur.
Vi er ikkje heilt på rekordnivå no, i skrivande stund er det 9-10 varmegrader ute, men midt i januar er det uansett å sjå på som varmt. Personleg synest eg det er meir enn innafor. Og ser ein på 21-dagarsvarselet til Yr, så ser det ut til at mildvêret skal halde fram også i tida framover.
Vi trur at «verda» går framover, at samfunnet vårt endrar seg i stort tempo. Ja, på enkelte område gjer det det, men på andre område er alt «ved det gamle». På godt og vondt. Lag dykk ei fin veke i mildvêret!