Medan jula og romjula var heller våt og grøn, vart det nye året innleia med vinter. Mykje vinter. Siste veka har snøen lava ned og sjølv om det har vore nokre rolege dagar – vêrmessig – her i vårt område og snøen har sokke i hop, er det andre stadar i landet som har overtatt stafettpinnen når det gjeld snø som lavar ned.
Det er nesten så ein har lyst til å identifisere seg som bjørn og gå i hi resten av vinteren…
Eg er stum av beundring over brøytemannskapa våre, dei har hatt nokre hektiske døgn. Dei har vore ute seint og tidleg, ja, det har nærast vore døgnkontinuerleg brøyting medan det stod på som verst. Alt for at du og eg skal ha den luksusen at vi kan kome oss dit vi skal med bilen vår.
Denne gjengen fortener stor takk og honnør for jobben dei gjer! Og eg håpar at ingen av dei har fått surmaga kommentarar for at dei er i vegen, køyrer for seint eller anna. Dei ryddar så fort dei kan, men det er utfordrande når vegane snør att like fort som det vert brøyta. Englane som fyk rundt i traktorane sine gjer så godt dei kan, så fort dei kan slik at heimetenesta kjem seg dit dei skal, slik at ungane kjem seg på skulen, slik at du og eg kjem oss på jobb.
For oss andre betyr mykje snø mykje trim. Sjølv har eg hoppa i det og investert i snøfres. Det er noko av det luraste eg har brukt pengar på på mange år! Likevel, å flytte på store mengder snø betyr trim – kven treng vel treningssenter når ein har snø å flytte på…
No endrar vêret seg igjen, i løpet av helga slår det om og det vert mildvêr. Ja ikkje berre mildvêr, men det er meldt ganske høge temperaturar også. Det betyr at mykje av det kvite vil smelte – og ikkje minst: det vil bli glatt. Veldig glatt. Då er dei som brøytte i førre veke i sving på nytt, med å strø vegane våre. Oppmodinga mi er at vi tek omsyn til dei slik at dei får gjort jobben sin på best mogleg vis, ha tolmod, dei kjem til din veg også etter kvart.