Nytt styre i Fjordhagen AS

På generalforsamling 6. mai 2025 vart det valgt nytt styre i Fjordhagen AS.
Styreleiar: Charles Tøsse.
Styremedlemmar: Inga Martine Muri, Erlend Hjelme, Jan Erik Vad og Gerrit Rietman.
Fjordhagen AS har lagt bak seg eit 2024 med utskifting av administrasjonen. Dagleg leiar Gro Marita Stennes Valdal tok til 1. juli 2024, og Tina Emilie Hoel fekk fast stilling frå februar 2025.
Ny styreleiar, Charles Tøsse, har lang erfaring både frå offentleg og privat næringsliv, og var tidlegare kommunalsjef i Fjord kommune. No er han pensjonist, men særdeles aktiv innan frivillig arbeid og styreleiar også i Stordal Idrettslag. Han ser fram til å ta over stafettpinnen frå tidlegare styreleiar Gerrit Rietman som har vore styreleiar sidan 2020.
I all hovudsak er det framhjelp til næringslivet i Fjord som har størst fokus, og Fjordhagen får eit årleg tilskot frå Fjord kommune for å utføre dette arbeidet. Fjordhagen er også hoppid kontor med sertifisert rådgjevar, og opplever stort engasjement blant gründerar i kommunen. Samtidig arbeider Fjordhagen med prosjektleiing på nasjonaljubileumsarbeidet knytt til Norge i 1000 år, og arven etter Heilag-Olav. Som kjent skal Fjord kommune vere vertskap for jubileet i 2029.