Geiranger-Langvatn og Valldal-Trollstigplatået opnar i dag

Skjermleser
Denne siden har en skjermleser som leser opp teksten i artikkelen. Du kan styre skjermleseren med knappene.
Trykk på for å starte skjermleseren.
Trykk på for å pause skjermleseren.
Trykk på for å stoppe skjermleseren.
Trykk på for å lese denne informasjonen igjen.
Skjermleseren velger en tilgjengelig norske stemmer fra din nettleser.
Har du problemer eller innspill til skjermleseren, så meld det inn til avisens kundeservice.
Møre og Romsdal fylkeskommune har klargjort strekningane Valldal-Trollstigplatået og Geirangerfjellet på fylkesveg 63 etter vinteren. I dag, fredag 25. april, opnar begge strekningane.
Valldal-Trollstigplatået opnar klokka 12.00, medan Geirangerfjellet opnar klokka 15.00. Dette er rekordtidleg.
– Geirangerfjellet har ikkje vore opna så tidleg sidan tidleg på 1990-talet. Det har vore ein relativt snøfattig vinter på begge strekningane. Samstundes er det ikkje lenge sidan vi hadde skredaktivitet på begge stader, så vi gjorde ei riktig vurdering ved ikkje å opne tidlegare. I og med at vegstrekningane opnar så tidleg på sesongen, kan det vere risiko for at vegen kan bli stengt på kort varsel ved utfordrande vêr og føre, seier Torgeir Bye, seksjonsleiar for vegdrift i Møre og Romsdal fylkeskommune.