Trafikken går som normalt att etter trafikkulykke i Liabygda måndag kveld
Klokka 19:25 melde politiet i Møre og Romsdal om ei trafikkulykke på fylkesveg 650 i Liabygda. To køyretøy skal ha vore involverte, og dei skal ha treft kvarandre i front.
Saken fortset etter annonsa
Det er ikkje meldt om personskade, men begge køyretøya måtte bergast så det var noko redusert framkomelegheit på staden. Politiet melder klokka 20:07 at vegbana er opna og at trafikken går som normalt.
Det vert vidare opplyst at ein førar har fått beslaglagt førarkortet sitt og at det vert oppretta sak på forholdet.