Abonnementsvilkår
Vilkåra gjeld for bestilling og bruk av abonnement på Storfjordnytt. Som komplettabonnent på Storfjordnytt har du tilgang til alt innhald i elektronisk utgåve (Eavis), nettavisa og papiravisa. Papiravisa vert levert éin dag i veka, torsdag.
Som digital abonnent har du tilgang til alt innhald innhald i elektronisk utgåve (Eavis) og nettavisa.
Aldersgrensa for å tinge abonnement er 18 år. For å få tilgang til alt innhald digitalt frå Storfjordnytt, må du registrere deg som digital brukar. Det gjer du ved å fylle inn dine personlege opplysingar og velje brukarnamn og passord. Gjennom Min side kan du administrere abonnementet ditt.
Vilkåra gjeld for både privat- og bedriftskundar.
Transaksjonen vert gjort med:
Storfjord Bladlag AS
Postboks 134, 6211 Valldal
Tlf.: 70457850
Foretaksreg.: NO960 134 311 MVA
E-post: post@storfjordnytt.no
www.storfjordnytt.no
Bankkontonummer: 40206820952
Generelt
Abonnement på Storfjordnytt vert forskotsbetalt og løper til det vert sagt opp. Ved oppseiing løper det ut perioden du har betalt for, men vert ikkje fornya. Ved kampanjekjøp vert abonnementet automatisk endra til eit ordinært abonnement når kampanjeperioden er over.
Om du ikkje har betalt abonnementet innan rimeleg tid etter forfall, vert avisleveringa og/eller digital tilgang stoppa, og du vert fakturert uteståande beløp.
Tilgangen til digitale utgåver er knytt til ditt personlege abonnement. Forseinkingar eller nedetid på digitale utgåver og tenester vert ikkje godskrive. Det er ikkje tillate å dele abonnementet eller gi bort passordet til andre utover deling med husstandsmedlemmar.
Abonnentar må til ein kvar tid sørge for at Storfjordnytt har korrekt kontaktinformasjon.
Purringar vert belasta med purreomkostningar på kroner 65,-. Abonnement som ikkje vert betalt innan fristen, får tilsendt purring.
Levering av papiravis i Noreg er gratis. For levering av papiravis i utlandet, kjem Posten sitt portotillegg.
Storfjordnytt gjer atterhald om at abonnementsprisane når som helst kan endrast. Det vil bli opplyst om dei nye prisane, både på papir og nett i rimeleg tid før iverksetting – og seinast 14 dagar i forkant. Nye prisar vil gjelde frå fastsett dato, for alle typar abonnement.
Betaling
Du kan kjøpe abonnement på Storfjordnytt på www.storfjordnytt.no ved å bruke Vipps, bankkort/kredittkort eller ved å få tilsendt faktura. Ved Vipps eller kortbetaling, vert kortet du registrerer, trekt for ein ny periode inntil du seier opp abonnementet ditt hos oss. Storfjordnytt nyttar elektronisk betalingsløysing gjennom Vipps eller Swedbank Pay.
Dersom innbetaling ikkje skjer, har Storfjordnytt høve til å lukke tilgangen og stoppe avisleveringa med det same.
Angrerett
Ved kjøp av abonnement hos Storfjordnytt, har du angrerett i samsvar med lov om angrerett.
Levering
Avtalt leveringsstad (postkassa) for papiravisa må merkast godt slik at distributøren finn fram. Skal avisa kome fram til rett tid og leverast på rett stad, må abonnenten også sørge for tilfredsstillande lys og brøyting. Distribusjonen kan stoppast dersom tryggleiken ikkje er tilfredsstillande.
I nokre område vert avisa distribuert av Posten saman med annan post. Slike løysingar vert også nytta lokalt i område der det ikkje er eigne distribusjonsruter. I 2020 reduserte Posten talet på leveringsdagar, og leveringsfrekvens vil variere ut frå dette, og det kan vere greitt å sjekke kva dagar du har postlevering.
Vi gjer òg merksam på at sider i Eavisa enkelte gongar kan avvike frå den trykte versjonen av avisa. Dersom levering er hindra av langvarige tekniske problem, streikar, lockout eller force majeure i meir enn to dagar, vil dette verte kompensert med tilsvarande forlenging av abonnementet. Dersom årsaken til manglande tilgang er knytt til abonnenten sin internettilgang eller det er problem med brukaren sitt datautstyr eller programvare, er ikkje dette noko som vert kompensert.
Brukartilgang
Den juridiske eigaren av abonnementet er den som teikna abonnementet.
Brukarnamn og passord til dei digitale tenestene til Storfjordnytt er personleg må ikkje delast med andre. Ved misbruk har Storfjordnytt rett til å straks stenge abonnenten sin tilgang til nettavisa og stoppe avisleveringa utan refusjon av abonnementsinnbetaling.
Rettar
Som abonnent på Storfjordnytt har du tilgang til alt materiale, medrekna tekstar, artiklar, foto og video, grafikk og anna som er publisert av Storfjordnytt. Du kan laste ned og/eller skrive ut ein kopi av materialet til eige bruk.
Kopiering: Alle artiklar, fotografi og grafikk med meir vert stilt til rådvelde for vising. Du må gjerne dele saker/artiklar i sosiale media, men då med direktelenke til aktuell sak/artikkel.
Ytterlegare bruk og framstilling krev skriftleg avtale med avisa. Verksemder må ikkje skrive ut materiale til bruk for tilsette i verksemda eller for kommersielt bruk. Dette gjeld også vidareformidling i elektronisk eller digital form. Dette gjeld ikkje deling av artiklar i sosiale media så lenge ein ikkje gjengir innhald i artikkel/sak. Ved brot på desse retningslinene vil abonnementet verte stoppa umiddelbart. Det vert ikkje gitt refusjon i slike høve.
Avfotografering, nedlasting eller kopiering med tanke på gjenbruk er ikkje tillate.
Det vert her vist til opphavsrettlova.
Behandling av personopplysningar
Ved å akseptere desse brukarvilkåra, samtykker du også til at Storfjordnytt kan behandle personopplysningane dine i tråd med retningslinene i personvernerklæringa vår.
Informasjon vi samlar inn
Storfjordnytt lagrar og nyttar dei opplysningane som er nødvendige for at vi skal kunne levere avisa til deg, enten det er på papir, digitalt eller begge delar. Det vil seie at vi lagrar opplysningar om namn, fødselsdato, e-postadresse, gateadresse, telefonnummer og opplysningar om eventuell annan rekningsbetalar – og sjølvsagt opplysningar om kva abonnement du har. Opplysningar kan utleverast til tredjepart dersom det er naudsynt for at Storfjordnytt skal kunne gjennomføre avtalen med det (til dømes distribusjon av papiravisa), eller i lovbestemte tilfelle. Personopplysningar vert ikkje lagra lenger enn naudsynt – og du kan når som helst krevje at opplysningar vert sletta, med mindre dei er nødvendige for at Storfjordnytt skal kunne gjennomføre avtalen avisa har med deg om levering av avis.
Endring av vilkår
Abonnementsvilkåra kan verte endra, og dei til ei kvar tid gjeldande vilkåra er å finne på www.storfjordnytt.no.
Reklamasjon og reklamasjonsfrist – abonnenten sine rettar
Dersom det er ein mangel ved abonnementstenesta, må abonnenten snarast råd gje Storfjordnytt melding om at abonnenten vil klage på mangelen. Det gjer ein ved å ta kontakt på post@storfjordnytt.no.
Konfliktløysing
Eventuelle klagar kan rettast til Storfjordnytt innan rimeleg tid. Partane skal forsøke å løyse eventuelle tvistar med god vilje. Dersom dette ikkje fører fram, kan abonnenten ta kontakt med Forbrukertilsynet for mekling.
01.01.2022