Stor aktivitet i Junior Big Odd Band for 20 år sidan. Her er fem som stortrives i bandet. Frå venstre: Cathrine Berli, Malene Henden Dahl, Rune Holmelid, Kim Sture Flo og Anders Kvamme Stemland.
For 20 år sidan spelte volleyballaget til herrane i Valldal ein utruleg bra kamp mot serieleiaren i andredivisjon. Dei knuste Volda 3-0 slik reporter Jossa likte å formidle det.
Komiteen for toårsfesten i Stordalshallen var i full gang med førebuingane for 20 år sidan. Frå venstre Synnøve Storøy, Elin Parr, Tore Sandberg, Bjørg Jacobsen og John Indresæter.
I Valldal var det stor aktivitet på ungdomshuset på Hoel med søndagsskule for 20 år sidan.
For 20 år sidan var det kurs innan «kvalitetssystem i landbruket» på Eide bedehus. Eit tema var kalven og her er to av dei i lag med Monika Aarset.
Det er 20 år sidan Anne Lise Stenvåg, Kåre Hjelle, Torbjørn Storås, Alfred Nilsen og Ann Kristin Lunden spelte inn plata Rådsmøte i studioet til Odd Hustad i Tafjord.
For 20 år sidan arrangerte Fjørå helselag basar på ungdomshuset i Fjørå og fekk inn 13.300 kroner. På bildet er Elsa Rødal i full gong med å selje årer.
Vi vil vere oss sjølve og ikkje etterlikne nokon, sa jentene som starta bandet Rockejentene i Stordal for 20 år sidan. Bak frå venstre: Karoline Busengdal, Sunniva Jonsen, Cecilie Nakken Nilsen, Framme frå venstre: Elin Storheim, Maria Holand Tøsse.
Beate Øvrebust song i koret Tonika i Stordal for 20 år sidan i ein alder av 85 år. Ho var glad ho hadde helse til å vere med på den kjekke aktiviteten.
Handelslaget i Fjørå feira ti år med drift for 20 år sidan. Butikken overlevde den tida takka vere Elsa Selboskar, Jofrid Fredriksen, Paul Fredriksen og mange fleire sin store innsats.
Stordal Hornmusikklag var gode på revy for 20 år sidan. 450 publikummarar på to framsyningar fekk oppleve mellom anna mannskoret Cor-X som song visa om Fokhaugstova.
Helselaget i Liabygda kjøpte for 20 år sidan inn bilputer til barnehagen i bygda. Namna til borna på bildet er: Ingrid, Ingvild, Elise, Frank Even, Henriette, Jonny, Hallvard, Maria, Lukas, Vilde, Oda, Vebjørn og Melinda.
Nestleiar i Norsk trearbeidar forbund, Hildegunn Brune, delte ut diplom og nåler til dei som lenge hadde vore medlem av foreininga. Frå venstre: Georg Busengdal, medlem i 25 år, Emil Staurset, medlem i 40 år og Ivar Moe, medlem i 25 år.
For 20 år sidan hadde Storfjordnytt eit bilnummer og her demonstrerer gjengen på Valldal Auto-Maskin korleis du skal halde bilen blank og fin. Frå venstre Odd Gunnar Hjelle, Jostein Tafjord og Stig Rune Grønmo.
For 20 år sidan hadde barnehagen i Liabygda hønsehus ute med kyllingar. Dei skulle vekse etterkvart og kanskje legge egg. Frank Even, Daniel og Oda kosar med dei mjuke kyllingane.
Dartspelaren Stig Dyrkorn gjorde ein flott prestasjon for 20 år sidan då han vart nummer to på juniorturneringa til Oslo Østlandet Dart krets. Dei 16 beste juniorane var med på denne turneringa.
For 20 år sidan var elevane ved Fjørå skule i full gang med å forske og studere på Tafjordulykka.
For 20 år sidan var det dugnad i fjøra i Norddal på begge sidene av elva. Store og små vart belønna for innsatsen med pølser, brus og kaffi.
På Vesterås i Geiranger hadde dei både høns, geit og ponniar for 20 år sidan. Å halde graset nede var dyra sin jobb og i tillegg kunne dei underhalde turistane. Per Westerås på utkikksplassen saman med barnebarnet Robin André.
Mykje folk rundt blomsterbilen til Myklebust gartneri i Norddal for 20 år sidan.
For 20 år sidan hadde Geiranger/Eidsdal bukkering vising i Melchiorgarden i Norddal.
Elevane på mellomsteget ved Tafjord skule kom med avisa Slufsa med særs lokalt stoff for 20 år sidan.
Norddal fekk ny prest for 20 år sidan og her helsar Kjell Ueland på Jon Ole Viken etter gudstenesta i Norddal kyrkje.
For 20 år sidan fekk tre personar blomar og takk på siste arbeidsdagen sin på Stordal skule. Framme frå venstre: Kirsti Almås, Leif Erling Heggen og Karin Holt. Bak frå venstre: Oppvekstsjef Lars Joranger og rektor Bjørnar Midtbust.
Rellingane var klart best i rokonkurransen mot Dale på Jonsok i Norddal for 20 år sidan.
For 20 år sidan satsa Sissel og Ingar Ekseth på å sy klede av hjorteskinn.
For 20 år sidan fekk Valldal skule ny veg og Johan Myklebust i teknisk etat i Norddal kommune kunne gjere Moabrauta om til gangveg.
For 20 år sidan fekk Marianne Heske flytta ein olivinstein frå Onilsavatnet i Tafjord, med god hjelp av Busengdal Transport, og frakta til Lido i Venezia.
Stordal småbåteigarlag sette opp eit eige naust på dugnad for 20 år sidan. Desse tre karane var i gang med målinga. Frå venstre Paul Arnes, John Hove og Jon Sandvik.
«Kårkallane», Andreas Relling og Erling Kjølås, på Ytste Skotet for 20 år sidan etter å ha sett opp ei trohes slik det ein gong vart gjort.
For 20 år sidan reiste dei stabburet ved sida av Løsetstova i Stordal. Oppe ser vi Svenn Tore Busengdal, Per Kjell Holtleite og Kjell Talberg. Nede på bakken hadde Petter A. Busengdal kontrollen.
Dametrimmen i Valldal var for 20 år sidan på fjelltur frå Kaldhussæter til Rødalen med overnatting på Danskehytta. Bak frå venstre: Dagrunn Tafjord, Jorunn Hoel, Inger Sissel Berdal, Anna Ringseth og Elisabeth Mansfield. Framme frå venstre: Linda Myren og Gerd Myren Hoel.
For 20 år sidan var det stor glede i Valldal skulekorps då dei det året hadde så mange som 16 rekruttar som skulle ta til å spele i korpset.
Laurdag 18. september for 20 år sidan køyrde Håkon Hurlen postruta til Langdal i Valldal, i posten si teneste, for siste gong etter å ha vore landpostbod i 30 år.
Skogsvegar, økonomi og ungskogpleie var nokre av emna dei tok føre seg på skogdagen i Stavåa i Stordal for 20 år sidan, i tillegg til kaffi- og bålkos.
Om lag 100 personar ville vere med på bygdevandring i Tafjord for 20 år sidan.
Ein søndag for 20 år sidan var det fullt på samfunnshuset i Valldal. Valldal helselag arrangerte basar med mange fine handlaga gevinstar. Årene var av tre og populære blant store og små.
Arnfinn Siem kunne fylgje med Modi Skandinavia til Stordal, men valde å starte Siem Møbler og vart verande i Liabygda hausten for 20 år sidan.
Liabygda var godt representert i kommunestyret i Stranda for 20 år sidan. Frå venstre Tove Lied for Høgre, Øystein Lied Lunde for Arbeidarpartiet og Marit N. Stavseng for Senterpartiet.
Martin Innset var 93 år for 20 år sidan. I samtale med Storfjordnytt kunne han fortelje at han hugsa godt at det vart lagt inn vatn og at elektrisitet vart installert i heimen.
For 20 år sidan laga elevar ved Stordal skule avissider for Storfjordnytt. Ein kjekk tradisjon som gav lokalavisa mykje variert og interessant ungdomsstoff. Her frå ein reportasje om kven som nytta hjelm når dei sykla. Frå venstre Ronny Aunli, Bente Kristin Rødven, Elisabeth Nordhagen Øie, Goobinath Thuraiajagam, Susanne Nakken Olsen, Sunniva Øvrebust og Stine Langlo.
For 20 år sidan var det opning av Storfjord Kulturhus på Stranda. Her er Big Odd Band i bra driv med unge musikarar frå heile Sunnmøre.
For 20 år sidan var Valldal idrettslag 80 år og friidrettssesongen var godt over på denne tida av hausten. Olav Bersås hadde lagt ned ein stor innsats for å få så mange som mogleg til å ta idrettsmerke i Valldal og Uri tok den sigeren. På klubbhuset var det òg utdeling av premiar for dei som hadde vore med på Valldal / Liabygda cup. Frå venstre Anne Kristin Hoel, Elisabeth Gjerde, Lars Olav Muri, Vebjørn Lilleås Johansen og Lars Anders Hoel.
For 20 år sidan inviterte Tafjord helselag til juleverkstad på ungdomshuset i bygda og veldig mange av barna i bygda var til stades og koste seg med ulike aktivitetar.
For 20 år sidan var Storfjordnytt med Asmund Lykre på ein avisrunde i Tafjord. Ved Sylfestgarden traff dei Ivar Tafjord som sa han var nøgd med lokalavisa og at han hadde høyrt dei kalla ho Pravda.
Olaus Overøye legg på siste stroket med måling på oppslagstavla utføre Stordal kyrkje.
Tonika var songforsteringar i Stordal då Teateret Vårt var på reise rundt med «Den fyrste song». Evar vart spelt av Ane Dahl Torp.
Elevane ved Stordal skule sette opp musikalen «A Christmas Carol» av Charles Dickens i Stordalshallen for 20 år sidan.