Idar Rønneberg kåserte på Lidarheim i høve tusenårsskiftet for 20 år sidan.
For 20 år sidan mjølka Pernille i Utigarden i Myra heile 57,4 liter på ein dag. Ho var då fem år gammal og eit dyr med framifrå helse, kunne bonde Fridjon Døving fortelje.
Inger Johanne Ruset og Lene Heggen var representantar for Ungdomsrådet i Norddal for 20 år sidan og var sikre på at det påståtte narkotikaproblemet i Norddal kommune var overdrive. Ein møteplass for ungdommar ville dei gjerne ha i kommune
30 år til boksen skal opnast. For 20 år sidan spikra elevar ved Geiranger skule ein boks med eit brev inne i ein vegg. Då skal dei som då gjekk i tiande klasse lage ein fest. Bak frå venstre: Magnus Eide og Torgeir Rusten. Framme frå venstre: Knut Petter Maråk, Magnus Maråk, Malin Meråk og Malene Knivsflå.
For 20 år sidan fekk Trygve Relling og Oddmar Indreeide heider for arbeidet sitt med avlsarbeid i Eidsdal og Norddal sau og geitealslag.
For 20 år sidan skifta SparMat i Valldal namn til ICA SparMat, noko butikksjef Inge Sunde var godt nøgd med.
Susanne Ouff var utruleg godt nøgd med kursdeltakarane på swingkurs i Norddal og Eidsdal for 20 år sidan. Seks kveldar skulle dei halde på, Det var femte- til tiandeklassingar som deltok og musikkskulen var arrangør.
For 20 år sidan var det karneval på ungdomsklubben på Dyrkorn. Ungdommar frå Stordal tok òg turen til Dyrkorn for pizza og kos på ungdomshuset.
Etter mange tap i 1. divisjon i volleyball vann endeleg det unge damelaget til Stordal. Men siger mot Åsheim var ikkje nok til å berge plassen i den øvste divisjonen for 20 år sidan.
Dei seier dei enten er for unge, eller så har dei ikkje tid. Det er inga unnskyldning for ikkje å vere med i pensjonistlaget, sa den unge leiaren i pensjonistlaget i Stordal, Ingjerd Øyen for 20 år sidan.
Samarbeid gjer sterk. Vi såg det ein laurdag for 20 år sidan i Stordalshallen då Valldal Hornmusikklag og Stordal Hornmusikklag spelte saman med songarar frå Haram Gospel.
Laurdag 18. mars for 20 år sidan gjekk fonna Gullåna og sperra hovudvegen på Linge. Børge Rødal, Gunnar Homlong og Rowita Scholz var vitne til hendinga. Ingen vart tekne av raset.
For 20 år sidan arrangerte skulane i Norddal kommune kulturdag. Elevar frå heile kommunen var samla til ulike aktivitetar i Valldal. Dette var journalistgruppa som var innom Storfjordnytt. Frå venstre Benedikte Linge, Inger Johanne Ruset, Lene Heggen, Ole Martin Tafjord og Olav Magnus Linge.
For 20 år sidan utvida Stordal Auto arealet og vareutvalet og fekk på plass ein kaffikrok. Den var Øyvind Tafjord og Knut Bertil Støle godt nøgd med.
For 20 år sidan vitja Oddgeir Bruaset grendehuset i Norddal. Det var pensjonistlaget Kveldssol, helselaget og bondekvinnelaget som inviterte. Anton Skarstein, Inge Lund, Harald Storås og Oddmar Indreeide stod for musikken.
For 20 år sidan tok lærarmødrer ved Eidsdal skule ansvar for befolkningsveksten. Frå venstre Tordis Nesset med Mathias, Torkjell Løvoll Rønneberg, Tone Grønningsæter med Eline, Merete Løvoll Rønneberg med Martinus. Bak ei gravid Tone Løvoll Kleiva med termin i juni med tantebarnet Jobjørn Løvoll Rønneberg i armane.
For 20 år sidan arrangerte Norddal kommune påsketreff for heimkomne unge menneske. Dei møttest på Fjellro, der det var lite å sjå til unge frå sørsida av fjorden.
Chris Daniel Isvik Tafjord trekkjer ut den som vinn hovudpremien frå bøtta til Reidun Lid på sykkeltrimmen i Stordal for 20 år sidan.
For 20 år sidan var Ove Vegard Selboskar og Svein Aarønes i ferd med å starte eit nytt maskinfirma. Då Storfjordnytt snakka med dei, hadde ikkje firmaet fått noko namn.
17. mai i Fjørå for 20 år sidan. Frå venstre John Monar Osvik, Inger Kristin Hauge, Tina Skoge, Berit Fredriksen og Øyvind Magne Fredriksen. Berit Fredriksen las diktet «17. mai 1940» av Nordahl Grieg ved bautaen etter toget.
Naboane Peder Holt og Arnt Ludvigsen på Holt i Stordal etterlyste for 20 år sidan tiltak som kunne redusere dei økonomiske tapa deira på grunn av hjort som beiter på innmark.
For 20 år sidan var det plantedag ved Sylte kyrkje. Myklebust Gartneri var til stades med full bil og mange nytta godvêret til å stelle på gravene.
Fire tusenårstre vart planta på Sylte ved elvemunningen for 20 år sidan. To lerk, ei rogn og ei ask. Bygdeutvalet og Bygdekvinnelaget i Valldal fekk trea i jorda. Frå venstre Rolf Dale, Karl Jostein Rødset, Øyvor Grue Berdal, Anne Lene Hjelle, Mariann Gundersen og Jorunn Ekornes.
Andershaugen barnehage i Stordal hadde ein tradisjon med at dei barna som var ferdige med barnehagen og skulle ta til på skulen, laga ei eiga avis. For 20 år sidan på denne tida gjekk den avisa i trykken.
Ein torsdag i juni for 20 år sidan sykla 4. til 7. klasse ved Tafjord skule til Herdalssetra, der dei overnatta til dagen etter.
For 20 år sidan var det stor jonsokfeiring i Liabygda. Dei legg feiringa av jonsok til næraste helg og den gongen starta dei feiringa med marsj til Ansok så var det fotballturnering på Langemyra. Der var det òg auksjon og vidare tradisjonell feiring med stort bål og vêret var litt surt den gongen. Her er ein blid familie på veg til Ansok.
Dei to jentene Ingeborg Malm og Cecilie Vidhammer frå Stordal var hesteinteresserte for 20 år sidan og er det kanskje framleis.
For 20 år sidan såg det slik ut på Olsok i Valldal.
Storfjordnytt spurde næringsdrivande i Syltegata i Valldal for 20 år sidan om dei kunne tenke seg at gata var ei gågate. Det syntest ikkje Liv Turid og Svein Remset Andersen var nokon god idé for deira bakeriutsal.
Seks nye omsorgsbustader stod klare i Stordal for 20 år sidan og Agnes og Nils Rauset hadde flytta inn og treivst godt. – Vi saknar utsikta frå huset vårt Hovslia, men elles har vi det bra her, sa Agnes til Storfjordnytt den gongen.
Ved Løsetstova i Stordal var aktiviteten stor for 20 år sidan. Då fekk du sjå korleis dei løyste kvardagslege oppgåver før i tida. Inne i stova sat Jorunn Holt og synte korleis du skulle nytte rokken for å spinne garn.
Dugnad på tusenårsstaden Langemyra i Liabygda for 20 år sidan.
For 20 år sidan tok gamlegutane i Eidsdal og Norddal i bruk grasbana i nærmiljøanlegget i Norddal og gamlegutane frå Valldal kom for å spele fotballkamp.
– Eg vil så gjerne skryte av alle som har vore hjelpsame mot oss etter at mannen min, Palmar, vart sjuk. Det var Nelly Ytterdal i Eidsdal som så gjerne ville det for 20 år sidan. Mannen fekk plass på sjukeheimen i Valldal og ho syntes dei i Norddal kommune, som hadde følgt dei opp, skulle ha ros.
Teknisk sjef i Stordal Stig Busengdal og avdelingsingeniør Einar Lied konstaterer at Stordal er i ferd med å bli ein hyttekommune for 20 år sidan.
Laurdag 23. september 2000 slo Valldal sine seniorfotballspelarar Fiskarstrand heile 6-3 på heimebane. Publikum hadde mykje å gle seg over. Frå venstre: Kåre Strømme, Peter Døving, Per Døving og Rikard Muribø.
For 20 år sidan spelte damelaget i volleyball i Stordal i andredivisjon. Dei ville gjerne ha med fleire på laget. I ballkorga Siv Birgit Øvrebust. Bak frå venstre Birgit Midtbust, Randi Elisabeth Falling, Ingvill Flo, Sandra Helland, Solveig Midtbust og Jill Mari Almås.
I oktober for 20 år sidan vart den gamle bensinstasjonen i Geiranger riven. Ein ny på 200 kvadratmeter skulle stå ferdig i april året etter. Foto: Tore Nerhus.
Karane som treftest på det glade hjørnet for 20 år sidan. Det meste kunne vere tema når desse karane treftest. Frå venstre Erling Busengdal, Kaspar Vad, Karl Johan Nygård og Kåre Vinje.
For 20 år sidan inviterte ungdomsskulen i Stordal elevar frå Ørskog, Skodje og Valldal til felles treff i Stordal. Desse tre jentene frå Stordal gledde seg til diskotek og andre kjekke aktivitetar saman med fleire. Frå venstre Sunniva Øvrebust, Susanne Olsen og Stine Langlo.
Eivind Lilleås Johansen og William MacQueen Moe hadde hendene fulle med vinterdekk på Valldal Bilsenter, då dei gjorde ein innsats for operasjon dagsverk for 20 år sidan.
– Sjå kor fint dei har pynta borda. Det er damene på kjøkkenet du må ta bilete av, sa nokre av mannfolka på pensjonistmøte i Stordal for 20 år sidan. Frå venstre Asbjørg Ringmo, Asbjørg Busengdal, Anna Vinje og Aslaug Langhaug.
Museum eller millionpalass. Parabol eller parafin. Desse spørsmåla var tema då Langsætrane sameige skulle utarbeide nye retningsliner for området for 20 år sidan.
Flotte premiar, som borna hadde laga sjølve, på basaren til Fjellrosa barneforeining for 20 år sidan. Foto Gunvor Sirevåg.
John Indresæter har følgt med på vêret i mange år. For 20 år sidan var han ikkje i tvil om at det hadde skjedd ei endring. – Vêret stemde meir med månen i almanakken tidlegare, uttalte han til Storfjordnytt.
Tradisjonen tru heldt ungdomslaget Dag julehus på Paktarstova for 20 år sidan. På biletet ser vi frå venstre Jostein Sande, Håkon Døving og Andreas Relling som konsentrerer seg.
Jentene i Fjørå ville ikkje ut med kva innhaldet i revyen deira 29. desember for 20 år sidan skulle innehalde, men lova mykje moro.
Magnus Sunde fekk for 20 år sidan blomster, gåve og gode ord for sin innsats som brannmeister i heile 24 år i Norddal kommune av Lars Kjell Smoge og Mette Holand Tøsse.