Berit Sperre med utruleg lokal vêrmedling på NIL-festen for 20 år sidan.
Valldal Trevarefabrikk i Valldal kjøpte for 20 år sidan ei stor filtreringsmaksin frå Elegante Møbler som kom sjøvegen. Det vare eit tungt løft og Busengdal Transport frakta maskina det siste stykket.
For 20 år sidan synest elevar frå Tafjord turen opp i Fjørå var utrygg vinterstid. Dei gjekk av bussen ved Samvirkelaget og venta til den kom ned att og gjekk på bussen og skuleskyssen heldt fram til Valldal skule.
For 20 år sidan låg det is på Geirangerfjorden, nesten heilt ut til Homlung.
For 20 år sidan fekk dei nytt og elektronisk billettsystem i alpinanlegget på Overøye. Det var Leif Person og Johan Arnt Øverøye godt nøgd med.
For 20 år sidan var det Tor Frode Dyrkorn som leverte Storfjorndsytt i postkassane tidleg onsdag morgonen, som det var den gongen. Då var det ein obligatoriks stopp på Indreeide mekainske verksatd for ein kopp kaffi og ein røyk, det gjekk an den gongen.
For 20 år sidan var det 20 år sidan Helge Dyrkorn grov ned ein enorm tjøretank på «bakeriet» og monterte sentrifuga (på bildet) oppå. Sidan vart det arbeidsplassen hans og i år 2000 impregnerte den, den gongen, 64 år gamle mannen 11.000 liner der.
For 20 år sidan var det vinterøving for Heimevernet i Valldalsbotnen.
På solfesten i Geiranger for 20 år sidan var det basar og Sander Hjelle (til høgre) hadde vunne ein båt som Johan Gjerde Syntest var veldig fin. Foto: Randi Flø.
Godt frammøte på pensjonistlaget Kveldssol sitt møte i Eidsdal for 20 år sidan.
Karneval på Tafjord skule- og barnehage for 20 år sidan. Det var veldig kjekt syntest frå venstre Nikolai Rødal, Maylen Brekke og Anita Gjerde.
Inger Gausdal slipte for 20 år sidan stein til smykke og fekk fine ,mønster til å kome fram i dagen.
For 20 år sidan vare det korkafé på samfunnshuset i Valldal som Valldal songlag arrangerte. Publikum fekk kulturopplevingar og gode tonar, songlaget gode ord og eit solid overskot. Her er songlaget representert med nokre av dei djupe røystene.
For 20 år sidan hadde dei 25 medlemmane i Eidsdal Musikkorps øvingshelg med konsert til slutt. Der hadde Kristian Kleiva Krohn, Nikolas Døving og Jarl Ringstad Krohn ei eiga avdeling med sine instrument.
Sigbjørn Hauge starta gravemaskina med mange skuelystne elevar til stades og før skuledagen var omme, låg det som ein gong var Valldal skule att som ein plankehaug mellom småskulen og ungdomsskulen. Dettte skjedde for 20 år sidan.
For 20 år sidan var påske litt seinare enn i år. I Norddal vart det arrangert Storvassrenn med perfekte forhold.
Kari og Tor Bjarne Grønningsæter og borna Bjarte og Randi Elise i det nye huset dei nyleg flytta inn i i bustadfelte B3 i Muriberget i Valldal for 20 år sidan.
Bjørg Hjelmseth oppdaterte og utvida tilbodet på gatekjøkkenet på Stordal Camping for 20 år sidan.
Rundt om i bygdene var det vårreingjering for 20 år sidan. I Norddal var det rydding i fjøra for somme og med pølser, brus og leik til slutt.
Dei som var til stades på det opne møte om korleis området rundt tunnelopninga på Fjøråtunnelen på Valldalsida skulle sjå ut, meinte at no må det handling til og ikkje fleire folkemøte.
For 20 år sidan trefte Storfjordnytt desse blide karane frå Statens vegvesen som var i ferd med å rydde langs vegen i Lingestranda. Skulle likt å høyre kva som vert sagt her. Frå venstre Petter Vikene, Svein Homlong, Dagfinn Grønningsæter og Arnfinn Alnes.
or 20 år sidan spelte Stordal sitt herrelag i fotball, som den gongen var i fjerdedivisjon, heimekamp i Valldal. Kirkebø stadion var ikkje heilt klar, men det påverka ikkje innsatsen til stordalsgutane som varta opp med ein time med festfotball. Toppscorar var Nils Petter Dyrkorn og trenaren Hallgeir Hove var verkeleg nøgd med innsatsen til laget sitt.
Eli Synnevåg og Marianne Heske var guidar og Sverre Rem sjåfør då ein delegasjon reiste rundt i Tafjord for å sjå på spennande lokalitetar for eit galleri i bygda for 20 år sidan.
Idrettsdag i Eidsdal for 20 år sidan.
Mons Vågenes på veg for å hente posten til Norddal kommune for 20 år sidan.
Sina Lund Kleiva fekk ride på hest då det var Midtsommardagar i Norddal for 20 år sidan. Hanne Brekke var den som tok seg av hestane.
Severinbrauta fekk nytt tak og samstundes var det kurs i nevertekking for 20 år sidan. Fridjon Døving, Kelly Baker og Jan Kåre Eide gjer klar nevra.
Kristin Kjærstad Håseth, Astrid Elin Håseth, Lars Tomas Håseth, Jenny Kristin Håseth og Tor Jonny Håseth søkte ly under ei bjørk på Døving då dei deltok på Jordbærmarsjen for 20 år sidan. Sju år gamle Lars Tomas gjekk marsjen for fjerde gong.
– Eg vert like rukkete uansett kor du held kameraet, sa Anna T. Døving til fotografen på Nedstestølen då 107-åringen skulle forevigast for 20 år sidan.
Fyrsteklasse i Stordal for 20 år sidan. Bak frå venstre: Amalie H. Viddal, Trine B. Øvrebust, Eirin J. Pedersen, Malin I. Øyen, Sivanja Naguleswaran, Synne Selboskar og Emma Hoff. Framme frå venstre: Jonatan Øie, Magnus Ø. Nygård, Robert Sørås, Stian A. Inselset, Karoline D. Alne, Ingrid Busengdal og Gunn Tove S. Johnsen.
– Er skyttarane klar, kom det frå standplass på skytebana på Langsætrane for 20 år sidan. Her har skyttarane vore å sjekka kor dei traff på blinkane.
Friluftsrådet i Norddal kommune i samarbeid med kommunen arrangerte «Friluftsweekend» for 20 år sidan. 30 deltok i litt surt vêr.
Nelly Ytterli og Asgeir Storås på posten i Valldal hadde sin siste arbeidsdag der for 20 år sidan. Etter det vart det post i butikk.
For 20 år sidan var sankarane i full gang med å samle sauene ned frå fjellet i Langsætrane-området.
Det var ope hus i safteriet på Sylte i Valldal for 20 år sidan. Merete Myklebust var drivar den gongen. Nils Myklebust og Karen Gjerde er godt kjende i lokala. Gøril Bertinussen serverer dei vaflar og smaksprøver.
Damer frå Eidsdal helselag som ordna til med servering på bedehuset på Eide i høve hjartemarsjen for 20 år sidan. Frå venstre Åse Myklebust, Tone Kleiva, Else Rønneberg, Norlaug Indreeide og Anne Helene Eide.
Småskulesteget ved Stordal skule har hatt tradisjon med å ta for seg ei grønsak eller frukt og lage eit prosjekt av det. For 20 år sidan var det eple det handla om. Frå venstre Ole Jakob Hove, Paul Ivar Støversten, Espen Skrede Vad, Jørgen Vinje og Ole Øyvind Hjelle
Hovud, hjarte, hender og helse er ord som er viktige i 4H-samanheng. På Lidarheim i Eidsdal synte den lokale 4H-klubben i Eidsdal fram kva dei dreiv med for 20 år sidan. Her er Malin Lund Kleiva god hjelpar for Mari-Linn Hole som både sminkar seg og et samstundes.
Ove Hansen var 60-årsjubilant og rektor på Valldal skule for 20 år sidan. Dei kvinnelege kollegaene hadde laga samba i det høvet.
Ole Jakob Overå og Dagfinn Berli i firmaet Busengdal var for 20 år sidan i full gang med å lage området i Stordal sentrum til meir enn ein parkeringsplass.
Tiandeklassingane Anne Mette Rem, Ann Katrin Overå og Tina Marie Skoge var tre av dei som var med på å arrangere Halloween på ungdomshuset i Valldal for 20 år sidan.
Kultur var tema for grunnskuleveka på Liabygda skule for 20 år sidan. Rektor Charles Tøsse sa kultur er mangfaldig og at dei i år satsa på to prosjekt på skulen. Det var ein moderne kultur med heimeside og ein gamal med utstilling av gammalt undervisingsmateriell og bilete. Henrik LIed syner dei ganle pultane.
Seniorane fekk lærdom av dei unge på Stordal skule for 20 år sidan. Internett var kome og det var det mange eldre som ville lære seg. – Kan ej berre trykke, spør Petter Busengdal? Det forsikrar Magnus Selboskar om at det kunne han berre ja.
Elevane ved Dalsbygda skule og barnehage laga for 20 år sidan Pucical og hadde det kjekt med song og kostyme i eit tverrfagleg prosjekt på skulen.
For 20 år sidan flytta Dyrkornanlegga produksjonen av fiskevegn frå Dyrkorn til Osholmen i Skarbøvika. Oddbjørg Skotte var den som hadde hatt arbeidsplassen sin der i 29 år, ingen hadde arbeidd der så lenge som ho.
Skulefrukost på Fjørå skule for 20 år sidan. I formannskapet diskuterte dei nedlegging av skulen.
Barnekoret Unge Røyster var med på julekonserten i Stordal for 20 år sidan.