Attersyn 2002


Fride-Helen Almstad i femteklasse på Fjørå skule lærte mykje om bruk av data for 20 år sidan og var på nett og chatta med ein norsk elev i Egypt.




Bak frå venstre Josefine Dyrkorn Alne, Jeanette Dyrkorn Alne, Synne Parr Westerås, Ida Helen Tomren, Karoline Dyrkorn Alne, og Eirin Johansen Pedersen.



Harald Valdal var ikkje tung å be. For 20 år sidan var han i full sving med å moke snø, rydde og hjelpe til med ulike gjeremål på Valldal trygde- og sjukeheim. Han var nærast som ein tilsett å rekne.



To karar og ein flokk med damer laga fest i Fjørå for 20 år sidan. Ein kommunal gjennomgangsfigur med namnet S. Vindel dukka stadig opp i eit lystig program bak den litt dystre tittelen ”Møre hemmelegheiter”. Her er det riverdans på gang med frå venstre Wenche Jensen, Marita Valdal, Paul Fredriksen og Hillevi Hovden.


For 20 år sidan hadde Rem Redskapslag utstyr for molding, noko dei gjorde for å bli kvitt snøen raskare. Her er Rolf Dale saman med sonen Anders på bøane på Grønning.




For 20 år sidan dreiv Trond Omenås og Dagfinn Sæterøy garnfiske i Storfjorden. Dei ønskte det ikkje, men nokre gongar hende det at dei fekk ei nise i garnet.



Revyinnslag med gode songarar og tekstforfattarar på jentefesten i Eidsdal for 20 år sidan. Skulle gutane henge med året etter, måtte den festene ha utruleg høg kvalitet.


Muri var det beste laget i Valldal sin grendastafett for 20 år sidan. Vinnarlaget var frå venstre Per Magnus Berdal, Magne Eivind Glomnes, Olav Håvard Storås, Inghild Storås, Ann Eli Tafjord, Kjell Roar Henriksen og Matias Heggen.

For 20 år sidan var det tidleg fyrsteslått mange stader. Leiar i Indre Sunnmøre Forsøksring, Jon Geirmund Lied, oppfordra til å slå og ikkje vente, då graskvaliteten fort vert dårleg i slik varme og tørke.

Sjuandeklasse i Tafjord skulle til Valldal og dei fem jentene gav ein avsluttingshelsing her med seriesongen fra «Friends». Frå venstre: Karoline Nærø, Christina Rødal, Malin Botenmark, Karine Talgø Aas og Britt-Ingunn Tafjord Walle. 1989-kullet frå Tafjord..


Espen Remme tok for 20 år sidan over som direktør på Muritunet og Ragnar Lødøen takka av.


Allidrettsgruppa i Stordal idrettslag arrangerte historisk vandring på Fokhaugen og Trollkyrkjegarden for 20 år sidan. Her er dei samla ved inngangen til Trollkyrkjegarden.

Ungdomsrådet i Norddal kommune og Lions Club Valldal samarbeidde om å gi eit alkoholfritt dansetilbod til dei danseglade for 20 år sidan.

Ein lekkasje førte til at òg andre roteskadar vart oppdaga. Kyrkja i Liabygda er lafta og Odd Egil Moen hadde god kompetanse frå slikt arbeid og tok dei utbetringane. – Det balla på seg og det enda med at vi tok heile taket, sa Helge Lysebo frå eit stillas for 20 år sidan.

For 20 år sidan hadde Barbara og Janusz Kataska vore i Valldal og plukka jordbær i ti år. Dei treivst godt hos arbeidsgjevarane Marit og Asgeir Valdal.

I regi av Norddal ungdomsråd var det for 20 år sidan arrangert friluftsweekend for andre gong. Det gjorde dei i Indreeidsdalen i Eidsdal. Knut Petter Maråk har gjort opp fisk tidlegare og tok seg av det meste av fangsten frå garna dei hadde sett i Eidsvatnet.

Fyrsteklassingane i Stordal for 20 år sidan kunne fortelje at dei allereie har hatt lekser og lært å ringe 113, om nokon skulle verte sjuk. Det viktigaste syntest dei, var å leike. Frå venstre Kjell Petter Hove, Iver-Olai Tomren Dyrkorn, Raguram Thanyanolipavan og Ole Martin Tangen Vad.


For 20 år sidan var Oddvar Brå på vitjing og motiverte langrennsmiljøet.

For 20 år sidan var det avslutting av Valldal Liabygda cup. Dei delte ut premiar i Liabygda og her er nokre av dei som var til stades.

For 20 år sidan spelte Valldal sitt A-lag sin siste kamp for sesongen mot Lepsøy og tapte 6-2. Etter kampen fekk dei litt mat og drikke og så såg dei Ålesund-Vålerenga på storskjerm. Frå venstre: Arnstein Storås, Asgeir Heggen, Tor Erik Jarvik, Svein Ove Døving, Nils P. Ringseth, supporter Sigbjørn Døving, Kjell Arne Valdal, Leif Båtnes, Torgeir Myklebust, Lars Tomas Bersås, Viktor Valdal og Helge Båtnes..

Dette var dei som stilte ut 4H-oppgåvene sine på Fjordheim i Fjørå for 20 år sidan.


Sierra Leone i Afrika hadde for 20 år sidan avslutta ein ti år lang borgarkrig og mange av soldatane var barn. Ungdomsskulen arrangerte Operasjon Dagsverk og Linda-Kristin Vad og Jeanette Jensen var i arbeid på Rimi i Valldal for å tene pengar for å hjelpe barna i Sierra Lione.

For 20 år sidan var Eva Mørkeset frå Jugendteateret i Ålesund på vitjing hos Ungdomslaget Dag i Norddal for å undervise og inspirere teatergruppa deira.


Born frå barnehagen i Valldal var for 20 år sidan i lavvoen i Syltemoa og steikte pannekaker. Det var noko barna likte godt, både pannekaker og naturen. Svein Are Vassvik hadde gått i førevegen og tent opp bålet. Grunneigar og 10. klasse ved Valldal skule hadde sett opp lavvoen.

Jøran Gudmestad mista arbeidet på Hove Møbler i Stordal då dei la ned drifta for 20 år sidan. Det tok ikkje lange tida før han fekk nytt arbeid på Simek, eit dotterselskap av Helland Møbler som mellom anna laga metalldelar til møbelindustrien.

Inspirasjonsmøte for dei tilsette i Norddal kommune for 20 år sidan. Ragnhild N. Grødal utfordra og leika saman med dei. Her gir dei kvarandre massasje.

Stor entusiasme blant borna i Andershaugen barnehage i Stordal på Luciadagen for 20 år sidan. Her marsjerer dei opp bakken frå avdelinga Veslefrikk til avdelinga Askeladden. Knallgule lussekattar og stolte foreldre venta der..