Ubåtkaptein Knut Eldar Relling dukka opp på NIL-festen fort 20 år sidan og hadde noko han ville seie om plassering av småbåthamn i Norddal. Mange på hopptrening i Fjellbakken på Stavsengfjellet for 20 år sidan. For 20 år sidan datt ein skikkeleg stor steinblokk ut i vegbana på vegen mellom Valldal sentrum og Linge. Sju lastebillass med stein køyrde dei vekk etter at dei sprengde dei største steinane. Stordal KrF var for 20 år sidan i tvil om dei skulle bruke krefter på ein nominasjonsprosess. Aldrande medlemer og lita fornying var noko av grunnen. Det bestemte seg for å halde fram. Eit godt temd Tonika song på årsmøtet til KrF den gongen. For 20 år sidan sette femte- og sjetteklasse opp skodespelet Keiserens nye klær på Ungommens Kulturmønstring på Valldal skule. 10. klasse ved Stordal skule produserte tre sider i Storfjordnytt på denne tida for 20 år sidan. Dei intervjua desse to karane, Leif Magne Vad og Norleif Jøsvoll. Dei arbeidde begge med service og reparasjon av traktorar. På spørsmål om kva som var så bra med Valtra, fekk elevane raskt til svar frå herr Vad: servicen, motorane og fem års garanti.Lars Anders Hoel og Oddbjørn Hoel var med på flugebindingskurset som Valldal jeger- og fiskerforening arrangerte i Valldal for 20 år sidan.Malin Marok, Anette Døving Olsen, Anne Ørjasæter og Malene Knivsflå song klart og tydeleg om reklamen som baud seg fram, men som ikkje kunne halde det den lova. Eit flott songnummer på solfesten i Geiranger for 20 år sidan.For 20 år sidan var det avskjedslunsj på Hove Møbler i Stordal. Av dei 32 som hadde sin arbeidsplass der, måtte 25 finne seg nye arbeidsplassar. Hans Øyen hadde fått seg nytt arbeid i Stordal og Trine Lise Bjørge hadde fått tilbod om arbeid i Spjelkavik i tilsvarande stilling, som ho hadde takka ja til. Den avskjedslunsjen var det mange som syntest var veldig trist.For 20 år sidan hadde skulen i Liabygda eit vassprosjekt. Kva var vel meir naturleg då enn å ta ein tur til Overå og sjå på kvernhusa der.Skulekorpset i Stordal hadde 40-årsjubileum for 20 år sidan. Desse jentene trivdest godt med å spele i korps. Frå venstre Natalie Assen (klarinett), Hanne Staurset (althorn), Hege Selboskar (klarinett), Martine Vinje Tøsse (tverrfløyte) og Eva Holmelid (kornett).Eidsdal barnehage på tur ned til naustrekkja ved fjorden for 20 år sidan.Stordalskvintetten drog i gong kulturkveld på Stordal bedehus for 20 år sidan med mellom anna Oddgeir Bruaset. Frå venstre Ole Aasen, Olaus Overøye, Roger Lillebø (på piano), Svein Tafjord og Jarle Moe Tafjord.Elevar ved Liabygda skule lærte å lage todimensjonale bilete om til kunst med tre dimensjonar med lys for 20 år sidan. Frå venstre Frank Even Myrvang, Jens Erik Lied, Christine Lied Aarnes, Janita Moe og Henriette Lied.Mange fann vegen til Gjerdsstølen då Dyrkorn velforeining arrangerte familierenn på ski for 20 år sidan. Så snart du kom i mål fekk du premie.Elevane ved Fjørå skule overvaka kjøtmeisen i fuglekassa med webkamera for 20 år sidan. Frå venstre: Hans Olav McQueen Mo, Sissel Elin Ruset og Anne Stine Skoge.Linn Terese og Ann Iren Nydal i Eidsdal stelte med kaninar som hadde fått kaninungar for 20 år sidan. Ein kjekk aktivitet og kaninekteparet heitte Snørose og Trampe.Kyrfonna og isferd hadde truleg smadra nedre kulpen i laksetrappa mellom Hoelsfossen og Rem. Tore Hoel og elveeigarlaget håpa å få reparert den hausten for 20 år sidan.På den tradisjonsrike familiekvelden i Stordalshallen 17. mai for 20 år sidan, var det mykje flott song og musikk. Her er barnekoret Unge røyster som song barne-, vår- og lovsongar.Mange har budd i Smogehuset i Eidsdal og det har vore produksjon av kaffikverna ”Knas” der. For 20 år sidan var Michele og Nils Olav i full gang med å puste nytt liv i huset.For 20 år sidan var det ellevte sesongen til gallerieigaren og den utøvande kunstnaren Ola Une Ferstad Liland i Geiranger. Han var nyleg kome heim frå Bergen der han hadde vitja glaskunstnaren Cornelia Skuggen og med seg heim til Geiranger hadde han glaskunst som skulle stillast ut.Valldal trygde- og sjukeheim hadde sommarfest i lag med barnehageborna frå Syltebøen barnehage.Fjerdeklasse ved Valldal skule var ivrige lesarar i ein konkurranse på skulane for 20 år sidan. Og gutane var dei ivrigaste.Heile Liabygda skule overnatta i lavvo på Liasætra for 20 år sidan. Mykje kjekt og nyttig skjedde der. Ingvild, Oda, Janita, Henriette, Vilde og Yalini fekk raskt fyr på pølsebålet og seinare på kvelden skulle dei synge ein song dei hadde laga sjølvDå den nye ambulansen i Valldal vart teken i bruk for 20 år sidan, sponsa Fjørå Helselag den med eit mobilsug (eit apparat for å reinse luftvegane til pasientane). Fire som var glade for alt med den nye ambulansen var frå venstre ambulansearbeidar Gunnar Bjørstad, leiar i Fjørå Helselag Nelly Ytterli, ambulanseeigar Roger Andresen og ambulansearbeidar Turid Engeseth Løvoll.For 20 år sidan hadde Inger Giskeødegaard utstilling i Galleri Morellsteinen på Linge. Her kjem Ingunn Linge Valdal saman med kunstkjøpar Unn Linge Valldal og vert ønskt velkomen av gallerieigar Inger Marie Linge.For 20 år sidan var det framleis geiter på garden Kaldhusdal i Tafjord. Det hadde det vore i generasjonar, men Østein Kaldhusdal ville ikkje tilrå neste generasjon å halde fram med det. Her saman med kona Eli i geitfjøsen på garden. Olsok for 20 år sidan. Damene på startstreken i rulleskistafetten.Førsteklassingane ved Liabygda skule for 20 år sidan. Frå venstre: Lars Martin Ytterdal Smoge, Einar Farkvam Mortvedt, Vebjørn Melgaard Tårn, Anne Roselin Aico Moen, Alida Myrvang, Rishi Vellupillai og Hallvard Lied.Teatergruppa i UL Dag framførte saman med Quindekoret ei dramatisering av ein barnefødsel, på prestegarden i Norddal.Nordalsstafetten i Norddal. Veksling fint driv. For 20 år siden stoppa Hurtigruta på sin veg til Geiranger på Dyrkorn og fekk servert sveler.Det avtroppande kommunestyret i Norddal fotografert for 20 år sidan.