Info frå facebooksida til Stordal elveeigarlag
Dei siste åra har bestanden i Stordalselva gått sterkt tilbake. Elveeigarlaget har brukt betydelege midlar for å kunne dokumentere bestanden av laks som gyter i elva, og for å dokumentere yngeltettheit. Spesielt registrering av yngel, tettheita av yngel på forskjellige stadar i elva og aldersfordeling av yngelenI 2018 var det fiska berre 238 laks, om lag 800 kg. Vi åpna for fiske, med strengare restriksjonar i 2019. Det viste seg ved mellomsesong evaluering at der var veldig lite fisk i elva. I 2019 vart elva sesongstengt den 18.07.
Ved teljinga, det var biologar frå Ferskvanns Biologane som utførte teljinga også dette året, med 2 dykkere, var der 450 kg holaks i elva. Fangst dette året var om lag 130 kg hofisk
Når ein ser på begge åra, var der i 2018 ein oppgang til elva, om lag 800 kg holaks og ein god del av denne var vekk ved siste teljing. I 2019 ein oppgang til elva på om lag 600 kg holaks. Tala er litt høgare enn teljing, med bakgrunn i ein liten sikkerheitsmargin. Gytebestandsmålet er 725 kg. No er det slik at mengden av laks i Stordalselva har gått opp og ned dei siste 20 åra. Men det viser seg at dei siste 4 åra har det vore ein markert nedgang kvart år. Derfor måtte vi ta ei skikkeleg yngelregistrering over 2 år. Dette var dyrt men det var nødvendig.
Stordalselva har alltid hatt stor grad av reproduksjon. Her er gode gytehabitater i heile elva og spesielt i den fremste tredjedelen av elva er der gode oppvekstvilkår. Sjølv etter at vi slutta med klekkeriet i 1976, har elva hatt veldig mykje yngel i dei fleste år. Elva skal normalt ha ei tettheit av yngel på minst 100 yngel pr 100 m2, sett i forhold til 725 kg holaks som gytebestandsmål.
For 3-4 år sidan begynte vi å ane at der var mindre yngel i elva. Og ved elfiske, yngelregistrering i 2018 viste det seg at tettheita av yngel for alle 4 årsklasser var berre 21 yngel/100 m2. Av presmolt, dvs den yngelen som går ut i sjøen som smolt i 2019, var der berre 4/100 m2. Det tilseier at for heile elva var der om lag 7-8000 yngel i 2018, der den som overlever vinteren, vil gå ut i sjøen i 2019.
Registreringa i 2019 viser positiv auke i årsyngel. Tettheita av yngel alle årsklasser viser om lag 50 yngel/100 m2. Av dette er om lag 50 % årsyngel, klekt i 2019. Presmolt ligg om lag på 7/100 m2 Dette tilsvarer om lag 14.000 yngel hausten 2019 som kan gå ut som smolt vår/forsommar 2020
Grunnen til denne reduksjonen i yngel og nedgang i bestand er komplisert. Sett ut ifrå dokumentasjonen vi har i elva, kan det vere at i perioden 2009 – 2012 vart fiska vel mykje laks i Stordalselva, men også i perioden 2012 – 2016 var det fleire store isgangar kvart år. Dette kan ha stor innvirkning både på antall gytefisk og skade på rogn i elva i denne perioden. Dei seinare åra, med mindre gytefisk i elva, tek oteren en større prosentvis andel av gytefisken enn den har gjort tidlegare.
Kilenotfiske fiskar på blanda bestandar og når over halvparten av elvane i den indre halvdel av Storfjorden må halde stengt grunna for lite gytefisk, er det galskap at dette får halde fram.
Indre del av Storfjorden er no i raud sone når det gjeld lakselus. Frå forskarhald har vi fått opplyst at dei resultat, målingar, som har vore dei siste 4 åra i den indre delen av Storfjorden, tilseier at vi har hatt denne mengda av lakselus over fleire år.
Konsekvensen for utvandrande laksesmolt, ved at vi ligg i raud sone, er at lakselusa tek meir enn 30 % av utvandrande smolt. Og at situasjonen har vore slik ihvertfall dei 4 – 5 siste åra. Det kan då ikkje vere rett at ein kan auke biomasse av fisk i fjorden, samtidig med at elvane ikkje får løyve til kultivering i form av utsetting av rognboksar. Som er den forma som kjem nærast opp til naturleg gyting.
Vi har hatt restriksjonar på fangst i Stordalselva dei seinare åra. Med bakgrunn i at det er overvekt på sesongkort har vi satt ein vekeskvote frå 2014 på maks 4 laks/person/fiskerett. I 2018 var denne satt til maks 2 laksar pr dag og 4 laks/veke. I 2019 var denne satt til 1 laks/dag og 2 laks/veke.Fleire vil nok hevde at denne kom for seint og skulle ha vore sett for fleire år sidan. Og det er lett å seie kva ein skulle ha gjrt, når ein har talla i ettertid. Men det har vore fiska 400 – 700 laks i elva, med unntak av nokre enkeltår, med snittvekt 3-4 kg, sidan 1995. Før vi fekk denne kollapsen dei siste åra. Det et er ein vanskeleg øvelse å forutseie kor mykje fisk som kjem inn i elva, neste sesong. Kor store restriksjonar skal ein sette for komande sesong? Kva kriteria skal ein då sette til grunn?Ein må nesten sjå på korleis det var i førre sesong og handle ut ifrå det. Vi valgte å ta ein grundig dokumentasjon av bestanden over 2 år. Det vi fann var verre enn vi kunne forutsjå. Og derfor blir elva stengt for fiske etter laks og sjøaure heile sesongen 2020.